Lengst sitjande norske statsministrar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lengst sitjande norske statsministrar er ei liste over norske statsministrar med meir enn tre års regjeringstid.

Einar Gerhardsen sat lengst, i like mange dagar som år. Gro Harlem Brundtland sat berre tre dagar meir enn Johan Nygaardsvold, medan Odvar Nordli held den same rekorden i høve til Johan Sverdrup.

Per Borten venta med å gå av til onsdag 17. mars 1971, då han hadde sete i akkurat 5 år, 5 månader og 5 dagar.

  1. Einar Gerhardsen (Ap): 17 år og 17 dagar
  2. Gro Harlem Brundtland (Ap): 10 år, 3 mnd. og 8 dagar
  3. Johan Nygaardsvold (Ap): 10 år, 3 mnd. og 5 dagar
  4. Jens Stoltenberg (Ap): 9 år, 7 mnd. og 1 dag
  5. Gunnar Knudsen (V): 9 år, 3 mnd. og 4 dagar
  6. Johan Ludwig Mowinckel (V): 6 år, 10 mnd. og 21 dagar
  7. Kjell Magne Bondevik (KrF): 6 år og 5 mnd. og 29 dagar
  8. Johannes Steen (V): 6 år, 3 mnd. og 30 dagar
  9. Per Borten (Sp): 5 år, 5 mnd. og 5 dagar
  10. Odvar Nordli (Ap): 5 år og 20 dagar
  11. Johan Sverdrup (V): 5 år og 17 dagar
  12. Kåre Willoch (H): 4 år, 6 mnd. og 25 dagar
  13. Emil Stang (H): 4 år, 1 mnd. og 2 dagar
  14. Trygve Bratteli (Ap): 3 år og 10 mnd.
  15. Francis Hagerup (H): 3 år, 8 mnd. og 22 dagar
  16. Otto Albert Blehr (V): 3 år, 2 mnd. og 13 dagar
  17. Oscar Torp (A): 3 år, 2 mnd. og 3 dagar

Lista er oppdatert per regjeringsskiftet 16. oktober 2013.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]