Leningrad Rok-Klub

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Leningrad Rok-Klub (russisk Ленинградский рок-клуб) vart skipa i 1981 som den fyrste lovlege rockeklubben i Sovjetunionen. Lokalet, som låg i ein bakgard inn frå Rubinsteingata 13, er rekna som fødestaden for russisk rock. Kjende russiske grupper som Akvarium, Kino, Alisa, DDT, Zoopark og Strannyje Igry spelte her.

Klubben vart nedlagd tidleg på 90-talet, då den russiske økonomien var i krise.