Leningrad av Billy Joel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leningrad
Singel av Billy Joel
frå albumet Storm Front
B-side

«Goodnight Saigon», «Vienna», «Scandinavian Skies»

Utgjeve 1989
Innspelt 1988-1989
Sjanger Rock
Lengd 4:06
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Billy Joel, Mick Jones
Billy Joel-kronologi 
«We Didn't Start the Fire»
(1989)
Leningrad «I Go to Extremes»
(1990)


«Leningrad» er ein song frå 1989 skriven og framført av den amerikansk songaren og låtskrivaren Billy Joel. Songen vart først gjeven ut på albumet Storm FrontColumbia Records og sidan som singel. Han finst òg på Greatest Hits, Vol. 3. Tittelen på songen kjem frå det tidlegare namnet på St. Petersburg i Russland.

Ein av melodilinjene i songen er lånt frå den første satsen av den kjende Fiolinkonsert til den russiske komponisten Pjotr Tsjajkovskij.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven av Joel om ein russisk klovn kalla Viktor, som han møtte medan han var på turné i Sovjetunionen i 1987. Gjennom songen vert store hendingar i livet til Viktor og Joel samanlikna for å syne kulturelle skilnader og likskapar mellom USA og Sovjetunionen.

I songen skildrar Joel livet til Viktor som eit av dei mange sovjetiske barna som mista fedrene sine under andre verdskrigen, særleg under omleiringa av Leningrad. Han vert med i Raude armeen, drikk vodka for å døyve smerta, og vert så ein sirkusklovn for å bringe glede til russiske barn.

Joel skildrar barndomen sin som eit «bar av 49, ein kald krig i McCarthy-tida.» Han skildrar kort livet sitt i Levittown, og frykta for Cubakrisa. Joel refererer òg til Koreakrigen og Vietnamkrigen.

Til slutt møttes dei to etter konserten til Joel i Leningrad (Viktor hadde reist over heile Russland for ås jå alle dei seks russiske konsertane), der Viktor fekk dotter til Billy, Alexa Ray Joel, til å le. Den siste songen i linja er «We never knew what friends we had, until we came to Leningrad.»

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989/1990) Plassering
Australia 90
Belgia (Flandern)[1] 17
Nederland[2] 15
Tyskland 14
UK Singles Chart 53

Kjelder[endre | endre wikiteksten]