Lennart Hedmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lennart Hedmark


Statsborgarskap Sverige
Fødd 18. mai 1944 (79 år)
Skellefteå
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1976, EM i friidrett 1969, EM i friidrett 1971, EM i friidrett 1974, Sommeruniversiaden 1965, Sommeruniversiaden 1970

Lennart Per-Olav Hedmark (fødd 18. mai 1944) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Skellefteå som hevda seg i både spjutkasting og i mangekamp. Han vann sølvmedaljen i tikampen under europameisterskapen 1971 i Helsinki.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hedmark vart svensk spjutmeister tre år i rad; 1963-65. Han vart i 1965 tredjemann i øvinga ved universiaden i Budapest, men lukkast ikkje ta medalje i den nordiske meisterskapen i Helsinki. Sin personlege rekord i spjutkasting sette han i Modesto i California i mai 1966, der spjutet landa på 81,94 meter.

Frå 1967 satsa Hedmark på mangekamp og vart svensk meister i tikamp fyrste gongen. Sidan vann han tikampen i SM åra 1968, 1970, 1971, 1973–75 og 1977. Han sikra seg òg fem nasjonale gullmedaljar i femkamp; 1971–73, 1975, 1977. I 1968 forbetra han den svenske tikamprekorden til 7 625 poeng då han vart nordisk meister i Reykjavik, og han kom på 11. plass ved Sommar-OL i Mexico-byen. Året etter vart han sjuandemann i EM 1969 i Aten.

År 1970 tok Hedmark steget opp i verdseliten i tikamp. Under ein landskamp mot Estland i Stockholm i juli månad sanka han 8 011 poeng, det sjette beste resultatet i verda det året. I september månad vann han sølv ved universiaden i Torino, slått av Mykola Avilov frå Sovjetunionen med 20 poeng. Også ved EM 1971 i Helsinki tok Hedmark sølvmedaljen, samstundes forbetra han sin nordiske rekord til 8 038 poeng. Både under Sommar-OL 1972 i München og i EM 1974 i Roma gav han opp etter den tredje øvinga.

Midt i juni 1973 gjennomførte Hedmark sin beste tikamp noko gong. I heimlege Sollentuna plukka han 8 188 poeng. Under dei olympiske sommarleikane 1976 i Montreal enda han på åttandeplassen.

Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Fleire årgangar av «Friidrott», årbøker som kom ut i Helsingborg.