Leon «Ndugu» Chancler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leon «Ndugu» Chancler
Miles Davis-140916-0018-105WPa.jpg
Fødd1. juli 1952 (66 år)
FødestadShreveport i Louisiana i USA
Død3. februar 2018
DødsstadLos Angeles
OpphavUSA
Aktiv1965 til i dag
SjangerJazz, jazzfusion, pop, blues, funk
InstrumentTrommer, perkusjon, synthesizerar
Tilknytte artistarWeather Report
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent, lærar

Leon «Ndugu» Chancler (fødd 1. juli 1952) er ein jazzfunk-trommeslagar, perkusjonist, studiomusikar, komponist og produsent frå Louisiana i USA.

Chancler kom frå Shreveport i Louisiana og byrja å spele trommer då han var tretten år gammal. På high school spelte han med Willie Bobo and the Harold Johnson Sextet. Chancler fekk universitetsgrad i musikk ved California State University, Dominguez Hills, og hadde då alt spelt med Gerald Wilson Big Band, Herbie Hancock,[1] og spelt inn musikk med Miles Davis, Freddie Hubbard og Bobby Hutcherson, blant andre.

Chancler arbeidde ofte som studioperkusjonist. Han er å høyre på mange hitplater frå jazz til blues til pop, mellom anna Michael Jackson sin «Billie Jean».[2] Chancler har òg arbeidd med Stanley Clarke, Jean-Luc Ponty, Donna Summer, George Duke, Patrice Rushen, Carlos Santana, Hubert Laws, The Crusaders, Frank Sinatra, Weather Report, Lionel Richie, George Benson, The Temptations, Tina Turner, Kenny Rogers, Thelonious Monk, Herbie Hancock, John Lee Hooker og andre.

I 2006 vart han assisterande professor på jazzstudiet ved University of Southern California[2] og lærar ved Stanford Jazz Workshop i California.[3]

Chancler er medlem av Percussive Arts Society[4] og har blitt kåra til ein av dei 25 beste trommeslagarane i verda[treng kjelde].

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Miles Davis

Med Eddie Harris

Med Hampton Hawes

Med Harold Land

Med Azar Lawrence

Med Julian Priester

Med Lalo Schifrin

Med Weather Report

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wynn, Ron. «Leon «Ndugu» Chancler: Biography». Allmusic. Henta 22. april 2016. 
  2. 2,0 2,1 «Ndugu Chancler». University of South California. Henta 22. april 2016. 
  3. «2010 Faculty». Stanford Jazz Workshop. Henta 22. april 2016. 
  4. «Leadership». Percussive Arts Society. Henta 22. april 2016.