Leonhard Tafjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leonhard Tafjord
Fødd 1. mai 1896
Død

6. januar 1976

Yrke prest

Leonhard Tafjord (fødd 1. mai 1896 i Tafjord, død 6. januar 1976) var ein norsk prest og folkeminnegranskar. Han tok eksamen ved Voss landsgymnas i 1919 og tok teologisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1925. Han var sokneprest i Norddal og deretter Haram og Kvam. Seinare vart han òg prost i Hardanger og Voss prosti. Tafjord grunnla mellom anna Kvam kyrkjeblad. Han gjekk kurs i folkeminnegransking og tok over som skriftstyrar for Norddal bygdebøker. Ættebok for Norddal (1949) og Gardssoge for Norddal (1967) skreiv han sjølv.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kleiva, Ivar (red.) (1976): Grunn og gror. Norddal Bygdebøker. Band IV. Norddal kommune.