Leonid Filatov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leonid Filatov
Fødd24. desember 1946
FødestadKazan
Død26. oktober 2003 (56 år)
DødsstadMoskva
FødenamnЛеонид Алексеевич Филатов
Aktive år1969–2003
Verka somlyrikar, skodespelar, filmregissør, manusforfattar, arrangementvert, skribent
EktefelleNina Sjatskaja
PrisarFolkets artist i Russland, Æreskunstner i Den russiske sovjetrepublikk, Den russiske føderasjons statspris, TEFI, Triumf-prisen

Leonid Aleksejevitsj Filatov 24. desember 194626. oktober 2003) var ein sovjet-russisk skodespelar, regissør, diktar og skribent. Han blei kjend som medlem av truppen til Taganka teater under regissøren Jurij Ljubimov. Trass i helseplager gjennom 1990-talet oppnådde han fleire prisar, som Statsprisen til den russiske føderasjonen og Russisk folkeartist i 1996.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Filatov var fødd i Kazan. Faren var Aleksej Jeremejevitsj Filatov (f. 1910), mora var Klavdia Nikolaevna Filatova (f. 1924). Familien flytta mykje, ettersom faren var radiooperatør og var mykje med på feltekspedisjonar. Foreldra skilte seg då Leonid var sju år gammal, og han flytta med mor si til Asjkhabad der ho hadde slektningar. Filatov fekk sine fyrste utgjevingar som skulegut i pressa i Asjkhabad.

Etter å ha fullført skulegangen drog han til Moskva i 1965. Her prøvde han å bli filmregissør, men kom ikkje inn ved det statlege filminstituttet VGIK . Filatov gav ikkje opp, og søkte etter råd frå ein medelev om opptak ved Sjtsjukin teaterskule. Han byrja på kurset til B.K. Lvova og L.N. Sjikhmatov i 1965, og gjekk ut frå skulen som skodespelar i 1969.

I 1969 blei Filatov skodespelar med truppen til Taganka teater i Moskva. Den fyrste hovudrolla hans var i ei dramatisering av 'Kva kan gjerast' av Nikolaj Tsjernysjevskij. Karrieren hans fortsette med roller i Mesteren og Margarita, Kirsebærhagen, 'Huset ved elvebreidda', 'Fest setebelta', Pugatsjev, 'Antiverder', 'Kamerat' og 'Tru'. Han spelte rolla som Horatio i Hamlet, Kultsjitskij i 'Dei falne og dei levande', Federzoni i 'Galileos liv' og Players-21 (med Sergej Jurskij sin kreative kunstnarassosiasjon).

Frå 1985 til og med 1987, medan Taganka-teateret var leia av Anatolij Efros, var Leonid Filatov ved Sovremennik-teateret. Seinare vende han tilbake til Taganka. I 1993 blei Filatov med Nikolaj Gubenko, Natalja Sajko, Nina Sjatskaja og andre skodespelarer til å skipa foreininga Sodruzjestvo akterov Taganki (Содружествo актеров Таганки).

Han skreiv fleire skodespel, som 'Ein kunstnar frå Sherwoodskogen' og Scenens brysomme barn.

Frå 1970 dreiv Filatov med film. Dei viktigaste rollene hans var i filmar som Gorod pervoj ljubvi, Krasj-landing, Golos, Zjensjtsjinij sjutjat vserjez, Gratsji, Suksess, Tsjitsjerin, Glemt melodi for fløyte, By utenfor folkeskikken og Blagotvoritelnjij bal.

I 1990 regisserte han filmen Scenens brysomme barn (russisk Сукины дети, Sukinij deti), basert på sitt eige drama, og spelte ei birolle. Filmen var med i den 17. internasjonale filmfestivalen i Moskva.[1] På 1990-talet laga han også fleire dokumentarar om gløymde kulturelle ikon.[2]

Frå 1970 skreiv Filatov songar i lag med Vladimir Katsjan.

Leonid Filatov var gift med skodespelaren Nina Sjatskaja. Paret fekk ein son.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 'Beige-farga appelsinar'
  • 'Soga om bogeskytaren Fedot' (Skaz pro Fedota-streltsa, udalogo molodtsa)

Filmar i utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1980 — Экипаж, Ekipasj (Krasj-landing) som Igor Skvortsov
  • 1981 — Вам и не снилось, Vam i ne snilos som Mikhail Slavin
  • 1982 — Голос, Golos, som herr B.K.
  • 1982 — Избранные, Izbrannyje som filmregissør
  • 1984 — Успех, Uspek, som Gennadij Fetisov
  • 1986 — Чужая белая и рябой, Tsjuzjayj Belaja i Rjaboi, som Ivan Naydyonov (røyst)
  • 1987 — Забытая мелодия для флейты, Zabjtaja melodija dlja fleytij) som Leonid Filimonov
  • 1988 — Шаг, Sjag, som Gusev
  • 1989 — Город Зеро, Gorod Zero, som Aleksej Varakin
  • 1990 — Сукины дети, Sukinij deti) som Jurij Mikhailovitsj

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «17th Moscow International Film Festival (1991)». MIFF. Arkivert frå originalen 3. april 2014. Henta 6. mars 2013. 
  2. Rollberg, Peter (20. juli 2016), Historical Dictionary of Russian and Soviet Cinema (på engelsk), Rowman & Littlefield, ISBN 978-1-4422-6842-5, henta 8. mars 2022 

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Leonid Filatov ved The Internet Movie Database (IMDb)
  • Leonid Filatov's Tale of Soldier Fedot the Daring Fellow in English (translated from the Russian by Alec Vagapov):
  • Leonid Filatov's Tale of Soldier Fedot, the Daring Fellow. Bilingual Version (Russian-English).