Leopold von Ranke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leopold von Ranke

Fødd21. desember 1795
Wiehe
Død23. mai 1886
Berlin
NasjonalitetKongedømet Preussen
Områdehistorie
Yrkehistorikar, akademikar, universitetslærar, skribent
InstitusjonarHumboldt-Universität zu Berlin
Alma materUniversitetet i Leipzig
Landesschule Pforta
EktefelleClarissa Graves
BarnOtto von Ranke, Maximiliane von Ranke, Fridhelm von Ranke, Albrecht von Ranke
MedlemSerbian Learned Society
Society of Serbian Letters
Deutsches Archäologisches Institut
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Det ungarske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Göttingens vitenskapsakademi
Det bayerske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino
Leopold von Ranke

Leopold von Ranke (21. desember 179523. mai 1886) var ein tysk historikar. Han var ein sentral premissgjevar og aktør då historie på 1800-talet vart danna som eit systematisert og vitskapleg fag. Ranke vert rekna som grunnleggjaren av kjeldebasert historieforsking.

Ranke bygde på metodane til Göttingen-skulen og sette standarden for mykje seinare historieskriving. Han var i stand til å sameine undervisnings-metodane i førelesingssalen med grundig vekt på arkivundersøkingar og analysering av historiske dokument. I fylgje Ranke må historikaren søke primærkjeldene (empirisme), ikkje basere seg på legender og tradisjon.

Motsett Hegel sitt spekulative historiesyn, utvikla og fremja Ranke eit syn på historie som la vekt på filologisk kjeldekritikk og understreka det særeigne («das Einmalige») ved hendingane. I fylgje dette synet, kalla historisme, skal det fortidige forståast utifrå sine eigne premissar. Rekonstruksjonen av det fortidige er historievitskapen si fremste oppgåve. Ranke meinte at historieforskinga korkje skal døme eller leie menneskeheita mot framtida, men eine og åleine innrette seg mot å fastslå «wie es eigentlich gewesen», – kva var det som verkeleg hende.

Ranke sitt viktigaste einskildverk er Geschichte der romanischen und germanischen Völker 1494–1535, ei soge om dei romanske og germanske landa og folka som kom ut i 1824.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]