Lepraarkiva i Bergen
Utsjånad
Lepraarkiva i Bergen er dei første nasjonale sjukdomsregistra i verda, oppretta ved kongeleg resolusjon 30. juli 1856. Lepra (også kalla spedalskheit eller spillsykje) er ein kronisk infeksjonssjukdom som har vore kjend over alt til alle tider. I mellomalderen var han utbreidd over heile Europa.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Lepraarkiva i Bergen inneheld arkivmateriale frå Overlegen for den spedalske Sygdom, frå ulike institusjonar for leprapasientar, rekneskapar, forskingsmateriale o.l.
Anna
[endre | endre wikiteksten]28. juni 2001 fekk lepraarkiva plass på UNESCO si liste over verdsminne. Arkiva er òg ein del av Noregs dokumentarv.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Tuberkuloseregisteret (1900)
- Dødsårsaksregisteret (1925)
- Kreftregisteret (1952)
- Medisinsk fødselsregister (1967)
- Reseptregisteret (2004)
Bakgrunnsstoff og kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lepraarkiva i Digitalarkivet Arkivert 2006-10-08 ved Wayback Machine.