Lepsøyrevet fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lepsøyrevet fyrstasjon
Lepsøyrev fyr i Haram kommune.jpg
Lepsøyrevet fyrstasjon
Foto: Tormod Ellingsen
FylkeMøre og Romsdal
KommuneHaram
Oppretta1879
Fyrskip sidan 1856
Koordinatar62°35.0166′N 6°15.8117′EKoordinatar: 62°35.0166′N 6°15.8117′E
Fyrtårn
Høgd11,5
FormFyrbygning med tårn
Fyrlys
Lyskarakter2 okkulterande glimt kvart 8. sekund
Lyshøgd10,8 moh
Lysvidde11,0 nm
Status
Automatisert1956
Avfolka1956

Lepsøyrevet fyrstasjon er eit fyr som ligg på Lepsøy rev i Haram kommuneSunnmøre.

Lepsøyrevet fyrstasjon is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Lepsøyrevet fyrstasjon

Fyret vart oppretta i 1879 i enden av ein lang molo. Før fyret vart tent låg det første fyrskipet i landet i leia utanfor revet. På grunn av dette revet som strekte seg over sundet mellom fastlandet og Løvsøya kunne skipa berre passere ei smal og grunn renne i revet.

Fyrkommisjonen var uroa for skipstrafikken på grunn av tilhøva her og fyrskipet vart plassert her i 1856. Fyrskipet sleit seg derimot frå fortøyingane i ein storm alt i 1857 og skroget fekk så store skadar at skipet vart kondemnert. For å stå av vinterstormane vart det derfor plassert eit større fyrskip på same staden. Det nye fyrskipet lyste opp første gong 8. januar 1858 og var i bruk fram til 1867 då nok eit nytt skip tok over. Skipet hadde ein fyrvaktar, tre menn og ein gut. Sidan det var dyrt å halde fyrskipet i drift og det berre vert rekna å ha ei levetid på 8-10 år føreslo ein å byggje eit fyr på fastlandet.

Fyret vart bygd ytst på ein 220 meter lang molo. Fyret inneheldt òg bustaden til fyrvaktaren og familien hans. På land stod naust, uthus og fjøs. Fyret vart tent i 1879 og fyrskipet vart avbemanna og seld. Fyret fekk elektrisk stram i 1930. Under den andre verdskrigen vart fyret angripe av allierte fly to gonger i 1944 og sterkt skadd.

Fyret vart automatisert og avbemanna i 1956.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Norsk fyrliste 2008 - side 292» (PDF - 15 mb). Kystverket. 
  • Bjørkhaug, Birger og Poulsson, Sven. Norges Fyr, Fra Stad til Grense-Jakobselv, bind 2. Grøndahl & søn forlag AS, 1987
  • Monrad-Krohn, Danckert. Norske Fyr, Nasjonal verneplan for fyrstasjoner. Riksantikvarens rapporter nr. 24 1997

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]