Leptotila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leptotila
Karibdue, Leptotila jamaicensis Foto: ukjent
Karibdue, Leptotila jamaicensis
Foto: ukjent
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Columbimorphae
Orden: Duefuglar Columbiformes
Familie: Duefamilien Columbidae
Underfamilie: Columbinae
Slekt: Leptotila
Swainson, 1837

Leptotila er ei biologisk slekt med ti artar[1] i duefamilien, Columbidae. Utbreiingsområdet for slekta strekkjer seg frå nordlege Mexico til Bolivia og Uruguay.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Leptotila-duene når ei kroppslengd på mellom 25 og 31 centimeter, omtrent som ei turteldue eller ei lita bydue. Karakteristisk for utsjånaden er lange og fjørlause bein. Dette er dels bakkelevande artar der fjørdrakta stort sett er grå til brun. Felles for alle er ein raudbrun fargetone i undersida.[2] Halen er kort i høve til kroppsstorleiken, og han har ti fjører. Bortsett frå dei to mellomste halefjørene, alle har ein kvit tupp. Karakteristisk for denne dueslekta er snøgge og nervøse rørsler av hovudet og halen.[2]

Spekteret av føde for Leptotila er stort sett avgrensa til bær og frø. Alle artane i slekta legg berre to egg i kullet, og egga er kvite.

Dei fleste artane av Leptotila er klassifisert av IUCN som livskraftige artar. Likevel er grenadadue vurdert som ein kritisk truga art.[3] Populasjonen er estimert til berre ca. 130 individ og er minkande. Bestanden er fragmentert og lir òg av habitattap. For tida går det føre seg innsats for vern av arten, med sikte på at den ville populasjonen skal bli berekraftig.[3]

Tolimadua, som lever i sentrale Andes i Colombia i høgder mellom 1600 meter og 2500 meter, er klassifisert av IUCN som truga. Populasjonsestimatet for denne arten er særs låg og arten er òg gjenstand for menneskelege inngrep som fører til habitatfragmentering.[4] Okerbukdua blir rekna som sårbar.[5]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Leptotila i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6]

  • Krattdue, Leptotila verreauxi, White-tipped Dove , LC, Bonaparte, 1855
  • Karibdue, Leptotila jamaicensis, Caribbean Dove , LC, Linné, 1766
  • Gråbrystdue, Leptotila cassinii, Gray-chested Dove , LC, Lawrence, 1867
  • Tolimadue, Leptotila conoveri, Tolima Dove , EN, Bond & Meyer de Schauensee, 1943
  • Okerbukdue, Leptotila ochraceiventris, Ochre-bellied Dove , VU, Chapman, 1914
  • Blyhettedue, Leptotila plumbeiceps, Gray-headed Dove , LC, Sclater & Salvin, 1868
  • Gråpannedue, Leptotila rufaxilla, Gray-fronted Dove , LC, Richard & Bernard, 1792
  • Grenadadue, Leptotila wellsi, Grenada Dove , CR, Lawrence, 1884
  • Ecuadordue, Leptotila pallida, Pallid Dove , LC, Berlepsch & Taczanowski, 1884
  • Yungasdue, Leptotila megalura, Large-tailed Dove , LC, Sclater & Salvin, 1879

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gerhard Rösler: Die Wildtauben der Erde – Freileben, Haltung und Zucht. Verlag M. & H. Schaper, Alfeld-Hannover 1996, ISBN 3-7944-0184-0.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2014), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.9 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. januar 2015 
  2. 2,0 2,1 Rösler, S. 210
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2014) Species factsheet: Leptotila wellsi. Henta frå http://www.birdlife.org den 27. april 2015
  4. BirdLife International (2014) Species factsheet: Leptotila conoveri. Henta frå http://www.birdlife.org den 27. april 2015
  5. BirdLife International (2014) Species factsheet: Leptotila ochraceiventris Arkivert 2015-04-03 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 27. april 2015
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Leptotila