Les Binks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Les Binks
Les-2016-3N.jpg
Les Binks med trommene i 2016
Fødd5. april 1948 (71 år)
FødestadPortadown, Nord-Irland
FødenamnJames Leslie Binks
SjangerHeavy metal, hardrock
InstrumentTrommer, gitar
Tilknytte artistarJudas Priest, Lionheart, Tytan, Axis Point, Fancy
PlateselskapColumbia
Verka somMusikar, låtskrivar

James Leslie Binks (fødd 5. april 1948) er ein irsk heavy metal-trommeslagar, mest kjend som trommeslagar i Judas Priest.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han var tidlegare trommeslagar for Eric Burdon og spelte trommer i 1974 på albumet til Roger Glover, The Butterfly Ball and the Grasshopper's Feast, i lag med andre musikarar som David Coverdale, Glenn Hughes og Ronnie James Dio bak mikrofonen.

Binks spelte med Judas Priest i to år frå mars 1977 til juli 1979,[1] og spelte inn to studioalbum og eit konsertalbum med dei. Judas Priest ønskte på den tida å gå mot ein meir groove-orientert stil med mindre av den kompliserte, jazz-aktige stilen til Binks. Då han vart spurt om han kunne endre spelestilen sin, sa han at det var umogeleg, og dei gjekk kvart til sitt. Judas Priest hyrte så Dave Holland frå Trapeze.

I 1979 vart Binks med Charlie Whitney og Axis Point og vart verande aktiv i den britiske hardrock/heavy metal-undergrunnen. I 1981 vart han medlem av Lionheart med Dennis Stratton (tidlegare i Iron Maiden) på gitar og Jess Cox (tidlegare i Tygers Of Pan Tang) på vokal.

Seinare spelte Binks i et coverband kalla The Shakers som spelte classic rock.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas; Prato, Greg. «Biography: Judas Priest». Allmusic. Henta 11. september 2016.