Les Cayes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 18°12′N 73°45′W

Les Cayes is located in Haiti
Les Cayes avmerkt på Haiti-kartet

Les Cayes, tidlegare Aux Cayes (haitisk: Okay), er ein hamneby sørvest i Haiti og hovudstaden i departementet Sud. I 1995 hadde han eit innbyggjartal på omkring 45 904, og eit estimat frå 2008 viste at han då var nær 70 000 innbyggjarar. Fordi han er isolert frå den politiske uroa i hovudstaden Port-au-Prince, er han ein av dei største hamnebyane i landet, med eksport av hovudsakleg kaffi og sukkerrøyr, i tillegg til at han er den største eksportøren av vetivert i verda. Det vert eksportert 250 tonn årleg av denne planta, som er ein viktig ingrediens i parfyme. Andre viktige eksportvarer er bananar og tømmer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]