Les Maguire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Les Maguire
Gerry and the Pacemakers New York arrival 1964.JPG
Fødd27. desember 1941 (81 år)
FødestadWallasey
OpphavStorbritannia
Instrumentsaksofon, piano
Verka sommusikar, pianist

Leslie Charles «Les» Maguire (fødd 27. desember 1941 i Wallasey i Cheshire) er ein engelsk pianist.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Maguire byrja karrieren sin som tenorsaksofonist i eit popband i Liverpool, The Vegas Five, som seinare endra namn til The Undertakers. Maguire slutta seinare for å bli med i Merseybeat-bandet Gerry and the Pacemakers, då han erstatta den originale pianisten, Arthur MacMahon. Gerry and the Pacemakers fekk etter kort tid stor suksess i Storbritannia og sidan i USA. Maguire vart verande med gruppa til ho vart oppløyst i slutten av 1960-åra. Han fronta ei kort periode Mississippi blues-bandet Hog Owl i 1970 og har sidan den gong stundom spelt med The Pacemakers for enkelte framføringar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gerry And The Pacemakers». 45-rpm.org.uk. Henta 18. mars 2018. 
  2. https://web.archive.org/web/20100818065540/http://www.gerryandthepacemakers.net/lesmaguirebiography.htm. Arkivert frå originalen 18. august 2010. Henta 20. mars 2010.  Missing or empty |title= (hjelp)