Lesbiinae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lesbiinae
Kvitbrystinka, Coeligena torquata Foto: Joseph C Boone
Kvitbrystinka, Coeligena torquata
Foto: Joseph C Boone
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae

Lesbiinae er ein av dei seks underfamiliane som utgjer familien kolibriar med 124 av alle ca. 365 kolibriartar. Underfamilien er delt inn i to biologiske tribus (stammar): Heliantheini («briljantar») som inneheld 13 slekter og Lesbiini («koketter») som inneheld 18 slekter.[1][2]

Fylogeni[endre | endre wikiteksten]

Ein molekylær fylogenetisk studie av kolibriane publisert i 2007 fann at familien bestod av ni klader.[3] Då Edward Dickinson og James van Remsen Jr. oppdaterte Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World for den 4. utgåva i 2013, delte dei kolibrifamilien inn i seks underfamiliar og foreslo å bruke namnet Lesbiinae for ein underfamilie som inneheld stammane Heliantheini og Lesbiini. Underfamilien Lesbiinae vart første gongen introdusert av Ludwig Reichenbach i 1854.[4][5]

Molekylær fylogenetiske studiar av Jimmy McGuire og medarbeidarar publiserte mellom 2007 og 2014 bestemde forholdet mellom hovudgruppene av kolibriar.[1][3][6] I kladogrammet nedanfor er dei engelske namna introduserte i 1997.[7] Dei latinske namna er dei som vart foreslått av Dickinson og Remsen i 2013.[5]

Kladogram for kolibrifamilien:

Trochilidae 


 Florisuginae – «topasar»



 Phaethornithinae – «eremittar»





 Polytminae – «mangoar»



Lesbiinae 

 Heliantheini – «briljantar»



 Lesbiini – «koketter»





 Patagoninaekjempekolibri


 Trochilinae 


 Lampornithini – «fjelljuvelar»



 Mellisugini – «bikolibriar»




 Trochilini – «smaragdar»







Inndelinga i kladogrammet er etter McGuire et al, 2014.[1] Namna på biologiske tribus (stammar) «bikolibriar», «smaragdar», «fjelljuvelar» osb. er omsett frå engelsk (Topazes, Hermits, Mangoes, Brilliants, Coquettes, Mountain Gems, Bees, Emeralds), og er brukte av mellom anna Licona-Vera and Ornelas, 2017.[8]

Oversyn over slekter[endre | endre wikiteksten]

For oversyn av biologiske slekter og artar i Lesbiinae, sjå lister for stammane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 McGuire, J.; Witt, C.; Remsen, J.V.; Corl, A.; Rabosky, D.; Altshuler, D.; Dudley, R. (2014). «Molecular phylogenetics and the diversification of hummingbirds». Current Biology 24 (8): 910–916. PMID 24704078. doi:10.1016/j.cub.2014.03.016. 
  2. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. april 2023. 
  3. 3,0 3,1 McGuire, J.A.; Witt, C.C.; Altshuler, D.L.; Remsen, J.V. (2007). «Phylogenetic systematics and biogeography of hummingbirds: Bayesian and maximum likelihood analyses of partitioned data and selection of an appropriate partitioning strategy». Systematic Biology 56 (5): 837–856. PMID 17934998. doi:10.1080/10635150701656360. 
  4. Reichenbach, Ludwig (1854). «Aufzählung der Colibris Oder Trochilideen in ihrer wahren natürlichen Verwandtschaft, nebst Schlüssel ihrer Synonymik». Journal für Ornithologie (Supplement) (på tysk) 1: 1–24 [8]. 
  5. 5,0 5,1 Dickinson, E.C.; Remsen, J.V. Jr., red. (2013). The Howard & Moore Complete Checklist of the Birds of the World. 1: Non-passerines (4th utg.). Eastbourne, UK: Aves Press. ISBN 978-0-9568611-0-8. 
  6. McGuire, J.A.; Witt, C.C.; Remsen, J.V.; Dudley, R.; Altshuler, D.L. (2009). «A higher-level taxonomy for hummingbirds». Journal of Ornithology 150 (1): 155–165. doi:10.1007/s10336-008-0330-x. 
  7. Bleiweiss, R.; Kirsch, J.A.; Matheus, J.C. (1997). «DNA hybridization evidence for the principal lineages of hummingbirds (Aves:Trochilidae)». Molecular Biology and Evolution 14 (3): 325–343. PMID 9066799. doi:10.1093/oxfordjournals.molbev.a025767. 
  8. Licona-Vera and Ornelas (2017). «The conquering of North America: dated phylogenetic and biogeographic inference of migratory behavior in bee hummingbirds». BMC Evolutionary Biology 17 (126). doi:10.1186/s12862-017-0980-5.