Lesinasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lesinasjøen
innsjø
none
Område Provinsen Foggia i Puglia
utløp Foce Acquarotta, Foce Schiappàro
Høgd over havet 0 moh moh
Lengd 22 km km
Breidde 3 5 km km
Middeldjupne 0 7 m m
 - Største djupne 1 7 m m
Areal 51 4 km² km²
Wikimedia Commons: Lago di Lesina

Lesinasjøen (italiensk Lago di Lesina eller Laguna di Lesina) er ein innsjø nord i Puglia mellom Tavoliere delle Puglie og neset Gargano og den niande største innsjøen i Italia og den nest største i den sørlege delen av landet. Han er om lag 22 km lang og i snitt 2,4 km brei. Han dekkjer eit areal på 51,4 km².

To kanalar, Acquarotta og Schiapparo, går frå innsjøen til Adriahavet. Mellom havet og innsjøen ligg sanddynen Bosco Isola som er mellom ein og to km brei og 16 km lang. Fleire elvar renn ut i innsjøen og gjer at han er nokså fersk.

Innsjøen har ål, som har vore ei næring for folket i Lesina.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]