Hopp til innhald

Lesing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lesing av punktskrift i Indonesia.
Unge lesarar i Haryana i India.

Lesing eller lesnad er det å tolka skrift for å forstå ord og setningar i ein tekst. Å kunne lesa blir i moderne tid rekna som ein basiskunnskap i dei fleste samfunn som alle er forventa å tileigna seg. Like fullt er rundt 17 % av folkesetnaden i verda analfabetar, som vil seia at dei ikkje kan lesa i det heile tatt eller ikkje er funksjonelle lesarar.

Lesing kan òg visa til det å fortolka kart og grafar med grafiske element i tillegg til tekst, å lesa notar til musikk, og det at ein tek ut eller legg inn tekst i ein datamaskin.

Offentleg søndagslesing i ein russisk landsbyskule på 1800-talet. Måleri av Nikolaj Bogdanov-Belskij frå 1895.

Ein skil ofte mellom fleire typar lesing, som varierer etter føremål:

  • Skumlesing: Når ein vil få oversikt over ein tekst. Fangar særleg opp overskriftar, utheva ord og byrjinga av avsnitt.
  • Punktlesing: Fokuserer på spesielle poeng i teksten, til dømes i ein rutetabell eller ei kokebok.
  • Nærlesing: Grundig lesing av teksten, når ein vil gå djup inn i innhaldet.
  • Lystlesing: Når ein vil kosa seg med ein tekst. Kan ofte variera mellom nærlesing og skumlesing.

I tillegg kan ein snakka om stillelesing, det vil seia å lesa «inne i seg» utan å laga nokon lyd, og høgtlesing, der ein seier fram orda ein les. I antikken var det vanleg å lesa høgt, òg når ein las for seg sjølv. Gamle bibliotek var difor prega av mumling og lydar. Høgtlesing blei òg brukt for å dela innhaldet i brev og bøker med andre. I dag er høgtlesing særleg knytt til å lesa for born eller med opplesingar i radio og lydbøker.

Lesedugleik

[endre | endre wikiteksten]

Lesing er ein dugleik som ein kan trena. Det er avhengig ikkje berre av det tekniske, som å kjenna skriftteikna og metoden for å sette dei saman til ord (avkoding), men òg kjennskap til vokabularet på språket ein les. Betring av leseferdighet kjem dermed ikkje berre gjennom lesetrening, men òg ved at ein byggjer seg opp eit større vokabular i andre samanhengar. Det er òg viktig at lesaren tilpassar hastigheita til sine eigne evner, elles vil forståinga bli dårlegare.

Vanleg lesehastigheit ligg på 100-200 ord i minuttet ved nærlesing, og 400–700 ved skumlesing. Dersom ein vil læra teksten utanboks ligg hastigheta gjerne på under 100 ord i minuttet. Denne hastigheita er temmeleg konstant så snart ein har oppnådd grunnleggende lesedugleik, så lenge teksten er tilpassa alderen til lesaren. Ved vurdering av lesedugleiken til ein person kombinerer ein undersøkinga av lesehastigheit med undersøking av forståing. I Noreg testar ein ofte ved hjelp av Carlsten-testen, laga av Carl Thomas Carlsten og Gerd Langeland, som kontrollerer lesehastigheit, fornemming og skrivedugleik. Personar med låg lesehastigheit og forståing kan vera lesekunnige i den forstand at dei kan lesa det som er naudsynt å koma gjennom om dei anstrenger seg, men dei kan falla utanfor omgrepet «funksjonelle lesarar».

Personar som lir av dysleksi eller andre lese- og skrivevanskar har særleg problem i høve til lesing. For dyslektikarar går det i fyrste omgang direkte på forståing av teikna og korleis desse kan settast saman til ord, medan det ved andre tilstandar kan gå t.d. på føremålet å knyta fleire ord saman i setningar.

Detalj frå Madonna des Kanonikus Georg van der Paele frå 1436, måla av Jan van Eyck.

Lesing er avhengig av godt lys og godt nok syn. Dersom lyset er for svakt vil det raskt bli slitsamt å lesa, og det er derfor vanleg å ha leselampar på skrivebord og på stadar der ein elskar å sitja og lesa. Ein reknar gjerne 600 til 800 lux som passende lysnivå. Svært mange treng òg briller til å lesa, òg om dei klarar seg utan ved andre aktivitetar.

Svaksynte kan òg lesa ved hjelp av punktskrift og syntetisk tale. I tillegg har lydbøker, innspelte opplesingar av populær skjønnlitteratur og anna, blitt svært utbreidde, både blant svaksynte, lesesvake og ikkje minst travle vaksne som kan lytta til bøker medan dei reiser eller gjer andre aktivitetar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Lesing