Lesja kyrkje
Utsjånad
| Lesja kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Innlandet | ||
| Kommune | Lesja | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Hamar | ||
| Prosti | Nord-Gudbrandsdal | ||
| Sokn | Lesja | ||
| Fellesråd | Lesja | ||
| Type | Krosskyrkje | ||
| Arkitekt | Ola Fredriksson Hole[1] | ||
| Teknikk | Lafteverk | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 1750 | ||
| • Endringar | Restaurert 1901 og 1925 | ||
| Tårn | Sentraltårn | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Preikestol | Jakob Klukstad, 1742–45 | ||
| Altartavle | Jakob Klukstad, 1766 | ||
| Sitjeplassar | 300 | ||
| Diverse | Korskranke av Klukstad. Takmåleri av Ragnvald Einbu. | ||
![]() Lesja kyrkje 62°06′44″N 8°51′14″E / 62.11216389°N 8.85395278°E | |||
| Wikimedia Commons: Lesja kirke | |||
Lesja kyrkje er ei krosskyrkje frå 1750 i Lesja kommune i Innlandet fylke.
Byggverket er ei lafta tømmerkyrkje og har 300 plassar.[2] I dei fleste prestegjelda i Gudbrandsdalen vart det sett opp nye kyrkjer på 1700-talet, etter at kongen selde kyrkjene på auksjon i 1723. Alle kyrkjene vart kjøpt av bygdefolket. Dei nye kyrkjene var lafta krosskyrkjer. Det må ha vore den nye domkyrkja i Kristiania, Vår Frelsers kyrkje frå 1690-åra, som var førebiletet. Dei store soknekyrkjene i Gudbrandsdalen er godt proporsjonerte. Den eine krossarmen utgjer koret, skilt frå skipet med eit korskilje, vanlegvis krona med kongens monogram med to løver.
Biletgalleri
[endre | endre wikiteksten]- Mot koret
- Jakob Klukstad har laga den overdådige altartavla.
- Prekestol skoren av Jakob Klukstad i 1742–45 og overført frå stavkyrkja
- Prekestol frå 1600-tallet overført frå stavkyrkja
- Minnestein for tidlegare kyrkjestad
- Kyrkja ligg på ein slakk haug midt i dalen omgitt av sletter som tidlegare var botnen av Lesjavatna.
- Prestegarden ligg sør for kyrkja.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lokalhistoriewiki fortel at byggmester Ola Fredriksson (ca. 1711–69) var frå Nistugu på Sør-Hole i Lesja. Patronymet vert som oftast forkorta til Frekson. Han skal òg (seier jubileumsboka om kyrkja) ha vore ein framifrå smed.
- ↑ Lesja kyrkje på Kyrkjebyggdatabasen Arkivert 2014-03-01 ved Wayback Machine. lese på nett 2. april 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lia, Olav, red. (1999). Lesja kyrkje 1750-2000. Lesja Sokneråd ved Skriftnemnda / Snøhetta forlag. ISBN 82-91375-12-7.
- Sørmoen,Oddbjørn; Havran, Jiri (2001). «Lesja kirke». Kirker i Norge, bind 2: 1700-tallet. Skjønnhetens århundre. Oslo: ARFO. s. 66-71. ISBN 978-82-91399-10-7 Check
|isbn=value: checksum (hjelp). - Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 606. ISBN 82-7527-022-7.
- Kunsthistori.com – Lesja kirke
- Lokalhistoriewiki – Lesja kyrkje
- «Lesja kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Lesja kommune – Kirker Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.
- Lesja kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
