Lesjaverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lesjaverk
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Kommune Lesja
Høgd 630 moh.
Postnummer 2667
Preposisjon Lesjaverk
Wikimedia Commons: Lesjaverk

Lesjaverk er ein tettbygd stad i Lesja kommune i Oppland. Han ligg om lag 4 mil vest for Dombås. Lesjaverk høyrer til Lesjaskog skulekrins.

Lesjaverk har eigen lokalbutikk. Landbruk er ein særs viktig næringsveg, men det finst òg arbeid innan mellom anna hyttelafting og turisme.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem frå Lesja jernverk, som vart drive frå 1659 åt slutten av 1700-talet. Grunnlaget var malmførekomstar i lia ovanfor Lesjaverk, no kalla Gruvlia. Malmtilgangen var særs ujamn og produksjonen hadde opphald i fleire periodar. Frå 1695 åt 1697 vart Lesjaverk kyrkje bygd til bruk hovudsakleg av dei som jobba på verket og familiane deira. Etter at drifta på jernverket vart avvikla ynskte ein å flytte kyrkja vestover åt Lesjaskog, der hovudtyngda av befolkninga i området låg. Kyrkja vart flytt i 1855 og omdøypt Lesjaskog kyrkje. I 1964 vart det bygd ei ny Lesjaverk kyrkje på staden der den gamle verkskyrkja hadde stått.

Verksbygninga og restar av masomnen på Lesja jernverk.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Lesjaverk stasjon

Toga på Raumabanen stoppar på Lesjaverk stasjon om det trengst[1]. Europaveg 136 går gjennom Lesjaverk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lesjaverk stasjon. Jernbaneverket. Henta 21. mars 2017.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]