Hopp til innhald

Leskovac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leskovac
Лесковац
Sentrum
Sentrum
Sentrum
Region
Distrikt
Sørlege og austlege Serbia
Jablanica
Flatevidd 25,27 km²
Flatevidd
  By

1025 km²
Innbyggjarar[1]
  By (2022)
  Byområde

123950
54091
Tidssone Sentraleuropeisk tid, UTC+01:00 (UTC)
Postnummer 16000
Bilnummer LE
Nettstad: www.cityofleskovac.org
Plassering av  Leskovac
Plassering av Leskovac

Leskovac (kyrillisk Лесковац) er ein by og ein kommune sør i Serbia. Han er det administrative senteret i distriktet Jablanica. Europaveg 75 frå Beograd til Thessaloníki i Hellas går gjennom byen.

I 1860 var Leskovac den nest største byen i Fyrstedømet Serbia (etter Beograd). I 1867 dreiv fyrstedømet osmanarane ut av byane og fekk suverenitet over området, som vart internasjonalt anerkjend i Berlingerkongressen i 1878. I starten gjekk dette utover handelen i byen, men det tok seg opp att mot slutten av 1800-talet. Leskovac var kjend over heile Balkan for verkstadane som gjorde hamp om til tau. Under Det osmanske riket vart byen kalla Leskofça og var ein del av Niş sanjak fram til 1878.

Etter kvart vart det bygd vassdrivne møller i regionen. I 1896 kjøpte grunnleggarane av desse fabrikkutstyr for å produsere ullklede frå Det tyske riket. Dette var den første fabrikken i byen. I 1903 vart det bygd ein fabrikk for å handsame hamp nord for det gamle bysentrumet. I 1922 opna familien Teokarevic ein ullfabrikk i den vesle byen Vucje nær Leskovac. I 1938 hadde dei private tekstilfabrikkane i Leskovac 2560 arbeidarar.

Byen, som opphavleg vart kalla Dubočica, vart kjend som «Vesle Manchester» på 1800-talet, sidan berre Manchester i England overgjekk tekstilproduksjonen her. Byen var framleis eit stort tekstilsenter etter at kommunismen kollapsa i Aust-Europa, men som følgje av krigane i Serbia på 1990-talet kollapsa industrien.[2]

Den andre verdskrigen

[endre | endre wikiteksten]

Under den andre verdskrigen vart byen utsett for kraftige bombeåtak frå dei allierte i 1944, og det er estimert at mellom 1000 og 6000 innbyggjarar mista livet.[3][4]

Kosovokrigen

[endre | endre wikiteksten]

12. april 1999, under NATO-bombinga av Jugoslavia, vart ei bru nær Leskovac (Grdelička klisura) øydelagd under flyåtak frå NATO medan eit passasjertog kryssa brua.

Befolkningsutvikling

[endre | endre wikiteksten]
Historiske folketal
ÅrFolketal[5]
1948113 158
1953121 311
1961134 250
1971147 487
1981159 001
1991161 986
2002156 252
2011144 206
2022123 950

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største busetnadane i kommunen er:[5]

Folketal 2002Folketal 2011Folketal 2022
Zaječar63 18560 28854 091
Bratmilovce3 5313 4823 361
Vučje3 2582 8652 553
Bobište1 7822 6352 371
Vinarce3 0902 7302 327
Brestovac2 0862 0271 713
Grdelica2 3832 1361 694

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Укупан број становника, по насељеним местима / Total population, by settlements» (xlsx). Републички завод за статистику (Statistikkontoret for Republikken Serbia). Henta 30. september 2024.
  2. "A Serbian Region Unravels With Its Textile Industry", artikkel av Nicholas Wood i New York Times, 29. januar 2007
  3. Historia til Leskovac[daud lenkje]
  4. Bombinga av Leskovac
  5. 1 2 «"Упоредни преглед броја становника 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. и 2022. године Comparative overview of the number of population in 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. and 2022.. stat.gov.rs. Statistical Office of the Republic of Serbia. Henta 30. september 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]