Leslie West

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leslie West
Leslie west-2.jpg
West i Florida Theatre i 2008.
Fødd22. oktober 1945 (74 år)
FødestadNew York City, New York, USA
FødenamnLeslie Weinstein
OpphavUSA
Aktiv1965 til i dag
SjangerRock, hardrock, blues-rock, heavy metal
InstrumentGitar, vokal
Kjende instrumentGibson Les Paul Junior
Dean Leslie West signature model
Electra signature MPC model
PlateselskapSony, Blues Bureau International, Lightyear
Verka somMusikar, låtskrivar

Leslie West (fødd 22. oktober 1945 som Leslie Weinstein) er ein amerikansk rockegitarist, vokalist og låtskrivar. Han er mest kjend for å ha starta hardrockbandet Mountain.

West vart først kjend som sologitarist for the Vagrants, eit lokalt populært band frå Long Island i 1960-åra. Ein av dei første singlane til gruppa vart produsert av Felix Pappalardi, ein bassist som òg produserte Cream. Etter at the Vagrants og Cream vart oppløyst, spelte Pappalardi bass på og produserte debutalbumet til West som soloartist, Mountain (juli 1969). Etter albumet kom ut slo dei to seg saman med trommeslagaren Norman Smart, som etter kort tid vart erstatta av Corky Laing, og klaverspelaren Steve Knight for å danne bandet Mountain. Dei gav ut albuma Climbing! (februar 1970), som selde til gullplate og inneheld hitten «Mississippi Queen», Nantucket Sleighride (januar 1971; selde òg til gullplate) og Flowers of Evil (november 1971). I 1972 slutta Pappalardi i Mountain og gjekk attende til å bli produsent. I 1972 kom Mountain Live (The Road Goes on Forever), og sidan ei samleplate i 1973.

West og Laing slo seg saman med den tidlegare Cream-bassisten Jack Bruce og danna West, Bruce & Laing. Trioen spelte inn to studioalbum, Why Dontcha (oktober 1972) og Whatever Turns You On (juli 1973). Eit konsertalbum, Live 'N' Kickin', kom ut i april 1974. Bruce slutta sommaren 1973, og West og Laing danna ei kort stund Leslie West's Wild West Show. Så vart Mountain starta opp att med West, Pappalardi, Alan Schwartherg (trommer) og Bob Mann (klaverinstrument) og spelte inn eit dobbelt konsertalbum, Twin Peaks (februar 1974) frå Osaka i Japan i august 1973. Dette vart følgd opp med eit nytt studioalbum, Avalanche (juli 1974), av West, Pappalardi, Laing og Knight. Mountain vart så oppløyst igjen, og West starta the Leslie West Band, som gav ut The Great Fatsby (april 1975) (med Mick Jagger på vokal) og The Leslie West Band (1976) (med Mick Jones, som seinare starta Foreigner).

På grunn av narkotikaproblem, trekte West seg attende frå musikken ei tid, kvitta seg med problema og starta opp att Mountain med Laing og bassisten Mark Clarke, då Pappalardi hadde døydde i 1983. Dei gav ut Go for Your Life (mars 1985). Gruppa vart oppløyst igjen og West gav ut Theme (1988), igjen i lag med Jack Bruce. West deltok så på Guitar Speaks (1988) og Night of the Guitar (1989) som var innspelingar av legendariske rockegitaristar for IRS Records-etiketten Illegal. Detneste soloalbumet hans var Alligator (august 1989), etterfølgd av Dodgin' the Dirt (1994). I 1994 slo West og Laing seg saman med den tidlegare Jimi Hendrix Experience-bassisten Noel Redding i ei ny utgåve av Mountain, og spelte inn to songar for samlealbumet Over the Top (1995). Soloalbumet As Phat as It Gets kom i 1999. Etter eit album for Voiceprint, Guitarded, i 2004, gav West ut to bluesalbum for Blues Bureau International, Got Blooze i 2005 og Blue Me i 2006.

West vart innlemma i Long Island Music Hall of Fame i oktober 2006.[1]

West fekk ein fot amputert på grunn av komplikasjonar av type 2 diabetes i juni 2011, men han heldt fram å spele musikk. Han gav ut Unusual Suspects, med gjesteartistane Billy Gibbons, Slash, Zakk Wylde, Joe Bonamassa og Steve Lukather tre månader seinare i september.

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Home of the L.I. Music Hall of Fame

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]