Lesnoj i Sverdlovsk oblast
Utsjånad
| Lesnoj | |||
| Лесной | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Sverdlovsk oblast | ||
| Høgd | 200 m | ||
| Areal | 360 km² | ||
| Folketal | 47 994 (2025)[1] | ||
| Grunnlagd | 1947 | ||
| • Bystatus | 1954 | ||
| Postnummer | 624200–624219 | ||
| Retningsnummer | (+7)34342 | ||
![]() Lesnoj 58°38′00″N 59°47′00″E / 58.633333333333°N 59.783333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Lesnoy, Sverdlovsk Oblast | |||
Lesnoj (russisk Лесно́й) er ein lukka by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg 254 km nord for Jekaterinburg ved breidda av elva Tura.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagt i 1947 då Fabrikk 418 vart bygt for å produsere høganrika uran (HEU) for produksjon av kjernefysiske våpen. Montering av atomvåpen gjekk òg føre seg her. I 1954 fekk byen status som lukka by, under namnet Sverdlovsk-45, for å verne produksjonen av atomvåpen[2]
Byen Sverdlovsk-45 var ein hemmeleg by fram til den russiske presidenten Boris Jeltsin i 1992 erklærte at slike byar kunne bruke dei historiske namna sine. Byen fanst ikkje på offisielle kart før då.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://66.rosstat.gov.ru/storage/mediabank/%D0%A7%D0%B8%D1%81%D0%BB_%D0%9C%D0%9E_%202025.xlsx.
- ↑ Making the Russisk Bomb: From Stalin to Yeltsin, Cochran, Thomas et al., Westview Press, 1995.
- Denne artikkelen bygger på «Lesnoj i Sverdlovsk oblast» frå Wikipedia på bokmål, den 18. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
