Lest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lest vart spesielt frå 1500- til 1800-talet bruka som mål for last eller lasteevne i skip. Ordet kjem via norrønt lest av lågtysk last. Ein lest kan vere eit rommål eller eit mål for masse, og storleiken på lesten varierer med kva for varer som vert lasta.

  • Som rommål er lesten oftast 12-24 tønner, avhengig av kva slags last som vert ført. Ein lest på 12 tønner kan ha blitt kalla ein smal lest, mens ein lest på 24 tønner var ein grov lest.
  • Som mål for masse er lesten oftast 6-16 skippund (960-2560 kg), avhengig av kva slags last det gjeld.
  • Som mengdeeining vart ein lest rekna til 14 400 stk. sild, 12 sekker ull eller 144 huder.

Ei jekt kunne gjerne føre 20 til 60 lester, mens mindre farbåtar kunne føre 6-16 lester.

Som mål for lasteevne vart kommerselest brukt frå 1600-talet, og kunne tilsvare 80 norske kubikkfot, dvs 2,47 m3 eller ei lasteevne på 5200 pund (frå 1769), dvs ca 2600 kg.

I ein avtale mellom Danmark-Noreg og Holland frå 1669 vart det slått fast at lasteevna til alle fartøy skulle målast i trelastlester eller kommerselester, alt etter fraktefarta dei gjekk i. 1 trelastlest skulle tilsvare 0,77 kommerselest. I praksis var tilhøvet meir varierande, og i snitt slik at ein trelast tilsvarte to tredjedels kommerselest.

Frå 1851 vart lasteevna målt i tonn. Ein reell kommerselest skulle tilsvare 2,08 netto registertonn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]