Lest (fleirtyding)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lest er eit ord med fleire tydingar:

  • Lest er eit gammalt rommål brukt mellom anna for å måle lastevolumet til eit skip. Det har hatt ulike verdiar gjennom historia, og det har òg variert frå land til land. I Noreg vart ein lest rekna som 12 tønner korn eller 18 tønner kol. 1 tønne korn tilsvarte 162 liter. (I Danmark var lesten 22 tønner korn eller 12 tønner kalk eller sand.)
  • Commerce-lest eller kommerse-lest var mål på lasteevne. Heller ikkje dette lestmålet var standardisert frå land til land. I Noreg var ein kommerse-lest 2 080–2 300 kg avhengig av storleiken på skipet. I Danmark var han 2 050–2 800 kg avhengig av type last. I Sverige og Finland var lesten 2 548 kg og i Nord-Tyskland 3 000 kg. Når skipsstorleik vert oppgjeven i kommers-lester, reknar ein normalt ein lest som vel 2 registertonn (2,08).
  • Leist eller lest er òg nemninga for ein mal forma som ein fot brukt til å forma eller halda forma på skor

Fleirtyding Dette er ei fleirtydingsside. Ho listar sider om ulike emne som elles ville hatt same namnet.
Dersom du følgde ei lenkje hit, kan du kanskje gå tilbake og rette henne slik at ho peikar direkte til den rette sida.