Leste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Leste er ein varm, tørr og støvfylt vind som bles frå aust eller søraust over Madeira og Kanariøyane. Dette kjem av luft frå Sahara som vert ført ut over havet i samband med lågtrykk som nærmar seg.

Vinden liknar scirocco og leveche og er sjeldan om sommaren. Stundom kan luftfukta ved Funchal verte under 20 % og ofte fører vinden med seg finkorna, raud sand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]