Lester del Rey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lester del Rey

Statsborgarskap USA
Fødd 2. juni 1915
Saratoga Township i Winona County
Død

10. mai 1993 (77 år)
New York by

Yrke redaktør, litteraturkritikar, romanforfattar, skribent, science fiction-forfattar, journalist
Språk engelsk
Ektefelle Judy-Lynn del Rey, Evelyn Harrison
Lester del Rey på Commons

Lester del Rey (2. juni 191510. mai 1993) var ein amerikansk forfattar, forlagsredaktør og forleggjar.[1]

Del Rey blei fødd Leonard Knapp, men fabrikkerte ei bakgrunnshistorie med diverse andre navn. Han debuterte som forfattar i Astounding Science-Fiction i april 1938 med novella «The Faithful», og publiserte i science fiction-magasin i ei årrekke fram til den første romanen, ungdomsboka Marooned on Mars (1952).

Frå 1977 til 1991 var del Rey forleggjar i Del Rey Books, eit imprint under Ballantine Books. Del Rey Books gjev også ut science fiction, men har hatt mest suksess med utgjevingar innsn fantastisk litteratur.[2]

I tillegg til del Rey, brukte han pseudonyma Erik van Lhin, John Alvarez, Marion Henry, Philip James, Charles Satterfield og Edson McCann.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]