Let's Stick Together av Bryan Ferry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Let’s Stick Together
Studioalbum av Bryan Ferry
Utgjeve september 1976
Innspelt 1973-1976
AIR og Island Studios, London
Sjanger Rock
Lengd 38:45
Selskap E.G. Records
Produsent Chris Thomas
Bryan Ferry
Kritikk
Bryan Ferry-kronologi
Another Time, Another Place
(1974)
Let’s Stick Together In Your Mind
(1977)


Let's Stick Together er eit album frå 1976 av Bryan Ferry. Det er det tredje soloalbumet hans og kom ut etter at Roxy Music vart lagt på hylla tidlegare på året. I motsetnad til dei to tidlegare soloalbuma, var ikkje Let’s Stick Together eit dedikert albumprosjekt, men bestod i staden for av songar tidlegare gjevne ut som singlar, B-sider og ein EP. Tittelsporet vart populært og albumet fekk hovudsakleg positiv kritikk, men nådde berre så vidt Topp 20 i Storbritannia.

Fem av songane på albumet var nyinnspelingar av Ferry-songar tidlegare spelte inn av Roxy Music. «Re-Make/Re-Model», «2HB», «Chance Meeting» og «Sea Breezes» var alle frå debutalbumet (1972), medan «Casanova» var henta frå Country Life (1974). I dei fleste tilfelle var nyinnspelingane glattare og meir orienterte mot jazz og R&B enn dei originale Roxy Music-versjonane.

Dei andre seks songane var songar av andre artistar. Den saksofondrivne «Let's Stick Together», opphavleg av Wilbert Harrison, vert erkna som ein av signaturlåtane til Ferry og var ein klassisk låt på dansegolvet. Han vart remiksa i 1988 for samlinga The Ultimate Collection. Andre livlege songar er The Everly Brothers sin «The Price of Love» og Jimmy Reed sin «Shame, Shame, Shame» (med motvokal av korsongarane som siterer Marvin Gaye sin «Can I Get A Witness»). Dei andre songane, mellom anna The Beatles sin «It's Only Love», vart framført i ein roleg kabaret-stil.

«2HB» (ei hyllest til Humphrey Bogart) vart gjeven ut som B-sida til Ferry-singelen «A Hard Rain's a-Gonna Fall» i september 1973. «Chance Meeting» var B-sida til «The 'In' Crowd» i mai 1974. «You Go to My Head» med «Re-Make/Re-Model» på baksida, vart gjeven ut som singel i juni 1975, og nådde 33. plass i Storbritannia. «Let’s Stick Together» med B-sida «Sea Breezes» vart gjeven ut i juni 1976 og nådde 4. plass. EPen med «The Price of Love» og «Shame, Shame, Shame» og B-sidene «Heart on My Sleeve» og «It’s Only Love» vart gjeven ut i august 1976, og nådde 7. plass. «Casanova» var den einaste innspelinga som ikkje var gjeven ut før albumet kom ut. Songen «Let's Stick Together» vart gjeven ut på ny i 1988 som «Let's Stick Together '88», og nådde 12. plass.

Forskjellige Roxy Music-medlemmar var involverte i innspelingane, med Paul Thompsontrommer, Eddie Jobsonfiolin og synthesizer, John Gustafson og John Porterbass, og Phil Manzaneragitar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bryan Ferry, bortsett frå der andre er nemnde. 

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Let's Stick Together»  Wilbert Harrison 3:00
2. «Casanova»    2:45
3. «Sea Breezes»    6:10
4. «Shame, Shame, Shame»  Jimmy Reed 3:15
5. «2HB»    3:50
6. «The Price of Love»  Don & Phil Everly 3:25
7. «Chance Meeting»    3:35
8. «It's Only Love»  John Lennon, Paul McCartney 3:45
9. «You Go to My Head»  Haven Gillespie, J. Fred Coots 2:50
10. «Re-Make/Re-Model»    2:40
11. «Heart on My Sleeve»  Benny Gallagher, Graham Lyle 3:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]