Let It Bleed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Let It Bleed
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 5. desember 1969
Innspelt November 1968, februar–juli, oktober-november 1969
Studio Olympic Studios i London; Elektra Studios i Los Angeles; Sunset Sound i Los Angeles[1]
Sjanger Hardrock, blues, country blues
Lengd 42:21
Selskap Decca (Storbritannia)
London (USA)
Produsent Jimmy Miller
The Rolling Stones-kronologi
Beggars Banquet
(1968)
Let It Bleed Sticky Fingers
(1971)
Singlar frå Let It Bleed
  1. «Let It Bleed»
    Utgjeve: Januar 1970 (berre Japan)
Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[2]
Encyclopedia of Popular Music 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
Entertainment Weekly A[4]
The Great Rock Discography 9/10[3]
Music Story 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
MusicHound Rock 5/5[5]
NME 9/10[6]
Rolling Stone 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[7]
The Rolling Stone Album Guide 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[8]

Let It Bleed er eit album av The Rolling Stones frå desember 1969. Det var oppfølgjaren til Beggars Banquet (1968) og kom ut kort tid etter ein amerikansk turne i 1969.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om dei hadde starta på innspelinga av songen «You Can’t Always Get What You Want» i mai 1968, før Beggars Banquet kom ut, starta innspelinga av Let It Bleed for fullt først i februar 1969 og heldt fram sporadisk fram til november. Brian Jones medverkar berre på to spor, med autoharpe på «You Got the Silver» og perkusjon på «Midnight Rambler». Erstatninga hans, Mick Taylor, spelar òg på to spor, «Country Honk» og «Live With Me». Keith Richards, som alt hadde delt vokal med Mick Jagger på eit fåtal songar («Connection», «Something Happened to Me Yesterday» og «Salt of the Earth»), song sin første solovokal på ein Rolling Stones-song med «You Got the Silver».

I 1968 hadde Richards vore litt saman med Gram Parsons i London, etter Parsons hadde forlate The Byrds kvelden før dei drog på turne i Sør-Afrika. Dette møtet hadde stor innverknad på Richards sin smak for country, og kanskje som følgje av dette spelte bandet inn honky-tonk-songen «Country Honk», ei raskare rock and roll-utgåve av songen som kom ut som deira neste singel, «Honky Tonk Women». Albumutgåva hadde med felespelaren Byron Berline, som arbeidde med Parsons seinare i karrieren hans. Parsons tok ofte æra for å ha arrangert «Country Honk», medan både Jagger og Richards har sagt at det var deira eige arrangement. Uansett hadde Parsons ved å introdusere bandet for tradisjonell country påverka denne musikalske endringa. Parsons spelte seinare inn si eiga utgåve av songen, som hadde element frå begge versjonane.

Plata vart innspelt under den siste perioden medan Jones var med i bandet (og i live). I tillegg til å verte rekna som ein av klassikarane til bandet er han det andre av ei rekkje av det som vert rekna som dei fire aller beste studioalbum deira, Dei andre tre er Beggars Banquet (1968), Sticky Fingers (1971) og Exile on Main Street (1972).[9]

Let It Bleed kom ut i desember og nådde førsteplassen i Storbritannia og tredjeplassen i USA. I Noreg gjekk albumet rett inn på andreplassen og vart liggande der samanhengande i ti veker, heile tida bak The Beatles sitt Abbey Road. Albumet vart òg kritikarrost.

I 1998 stemte lesarane av musikkmagasinet Q albumet fram til 69. plass på lista over dei største albuma gjennom tidene, medan same magasin plasserte det på 28. plass over dei 100 største britiske albuma nokon gong. I 2001 plasserte fjernsynskanalen VH1 songen på 24. plass på lista deira over dei største albuma, og i 2003 hamna albumet på 32. plass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 største musikkalbuma gjennom tidene.

Let It Bleed har seld over 7 million eksemplar verda over sidan 1969.[10]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Gimme Shelter»   4:32
2. «Love in Vain» (Robert Johnson) 4:22
3. «Country Honk»   3:10
4. «Live with Me»   3:36
5. «Let It Bleed»   5:34
Side to
# Tittel Lengd
6. «Midnight Rambler»   6:57
7. «You Got the Silver»   2:54
8. «Monkey Man»   4:15
9. «You Can’t Always Get What You Want»   4:15

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones

Andre medverkande

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969–70) Plassering
Australia (Kent Music Report)[11] 2
Canada Top Albums/CDs (RPM)[12] 4
Nederlandske album (MegaCharts)[13] 1
Tyske album (Offizielle Top 100)[14] 3
Norske album (VG-lista)[15] 2
Britiske album (OCC)[16] 1
US Billboard 200[17] 3
Liste (2007) Plassering
Svenske album (Sverigetopplistan)[18] 37
Liste (2012) Plassering
Franske album (SNEP)[19] 138

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[20] Platina 100 000^
Storbritannia (BPI)[21] Platina 300 000^
USA (RIAA)[22] 2× Platina 2 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.timeisonourside.com/lpBleed.html
  2. Unterberger, Richie. «Let It Bleed - The Rolling Stones : Songs, Reviews, Credits». AllMusic. All Media Network. http://www.allmusic.com/album/let-it-bleed-mw0000191519. Henta 17. juni 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «The Rolling Stones Let It Bleed». Acclaimed Music. http://www.acclaimedmusic.net/Current/A152.htm. Henta 26. mars 2018. 
  4. «Let It Bleed CD». Muze Inc.. http://www.cduniverse.com/search/xx/music/pid/4940211/a/Let+It+Bleed.htm. Henta 21. juni 2008. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 950, 952. ISBN 1-57859-061-2. 
  6. «Review: Let It Bleed». NME (London): 46. 8. juli 1995. 
  7. Edwards, Gavin (2. september 2004). «Review: Let It Bleed». Rolling Stone (New York): 147. 
  8. «The Rolling Stones: Album Guide». rollingstone.com. Henta 26. mars 2018.
  9. Rolling Stone
  10. «Rolling Stones Popularity Analysis». 26. mars 2018. http://chartmasters.org/2016/12/cspc-the-rolling-stones-popularity-analysis/64/. Henta 26. mars 2018. 
  11. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  12. "Top RPM Albums: Nummer 6114". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 27. mars 2018.
  13. "The Rolling Stones – Let It Bleed". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 27. mars 2018.
  14. "Offiziellecharts.de – The Rolling Stones – Let It Bleed" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 27. mars 2018.
  15. "The Rolling Stones – Let It Bleed". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 27. mars 2018.
  16. "Rolling Stones | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 27. mars 2018.
  17. "The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 27. mars 2018.
  18. "The Rolling Stones – Let It Bleed". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 27. mars 2018.
  19. "The Rolling Stones – Let It Bleed". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 27. mars 2018.
  20. «Canadian album salstrofé – The Rolling Stones». Music Canada. http://www.musiccanada.com/gold-platinum/#!/gp_search=%22%22%20%22The+Rolling+Stones%22. Henta 27. mars 2018. 
  21. «British album salstrofé – The Rolling Stones». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx. Henta 27. mars 2018.  Enter The Rolling Stones in the field Search. Select Artist in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  22. «American album salstrofé – The Rolling Stones». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=The+Rolling+Stones. Henta 27. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH


33:
 Ram Ones 
Ram Ones
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene
32


The Rolling Stones – Let It Bleed

31:
 Bringing It All Back Home 
Bob Dylan