Levajok Fjellstue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Levajok Fjellstue
Kart
Levajok Fjellstue
69°54′33″N 26°25′51″E / 69.90911111°N 26.43075°E / 69.90911111; 26.43075

Levajok Fjellstie er ei fjellstove som ligg ved Tanaelva i Tana kommune. Tidlegare var dette ein av Statens Fjellstuer som gav losji til reisande i Tana dalen. I 1951 kjøpte Ivar Hauge fjellstova frå staten og utvikla fjellstova til eit turistmål for jakt- og fiskeinteresserte. Fjellstova er ein av sjekkpunkta til Finnmarksløpet.[1][2]

Fjellstova er betent med restaurant, og har 14 hytter til utleige.

Brannen i Levajok[endre | endre wikiteksten]

Levajok Fjellstove vart bygd i 1922,[1] og var ein av dei få bygningane i Finnmark som overlevde andre verdskrigen. Den 22. februar 2007 brann fjellstova ned og vart totalskadd.[3] Det vart bygd ei ny fjellstove i 2009.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Askheim, Svein (19. mars 2020). «Levajok». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Roy Myrland (15. mars 2017). «Finnmarksløpet. -Litt om sjekkpunktet Levajok Fjellstue». langsveien.no. Henta 24. februar 2019. 
  3. «Livsverk i ruiner». ifinnmark.no. Finnmark Dagblad. 21. februar 2007. Henta 24. februar 2019. 
  4. «Levajok bygger Saltdalshytter». finnmarkslopet.no. Finnmarksløpet AS. 9. oktober 2009. Henta 24. februar 2019.