Level Headed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Level Headed
Studioalbum av Sweet
Utgjeve 3. januar 1978
Innspelt 1977
Studio Château d'Hérouville i Frakrike; Kingsway Recorders i London
Sjanger
Lengd
    • 39:53 (Polydor-versjonen)
    • 38:54 (Capitol-versjonen)
Selskap
Produsent Sweet
Sweet-kronologi
The Golden Greats
(1977)
Level Headed Cut Above the Rest
(1979)


Singlar frå Level Headed
  1. «Love Is Like Oxygen»
    Utgjeve: Januar 1978
  2. «California Nights»
    Utgjeve: Juli 1978

Level Headed er det sjette studioalbumet til det britiske glamrockbandet Sweet. Ulike versjonar kom ut på Polydor i Europa og på Capitol i USA, Canada og Japan. Albumet inneheld songen «Love Is Like Oxygen», som vart den siste hitten deira som nådde topp 40. Songen nådde åttandeplassen i USA og niandeplassen i Storbritannia. Singelversjonen av «Love Is Like Oxygen» er vesentleg kortare enn albumversjonen. Ein andre singel, «California Nights», kom ut frå albumet, men nådde berre 76. plassen i USA.

Dette var det siste albumet med den klassiske Sweet-besetninga, sidan Brian Connolly slutta i bandet kring eit år etter albumet kom ut for å satse på ein solokarriere. Den attverande trioen med Steve Priest, Andy Scott og Mick Tucker fortsette, og gav ut tre album til før dei vart oppløyste i 1981.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [1]

AllMusic likte albumet i meldinga si og særskild dei mange stilane og at bandet hadde gått heilt bort får tyggegummipopen på tidlegare singlar til albumbasert rock. Dei konkluderte «Dette er absolutt ikkje klassisk Sweet, men det er nettopp det som er bra med Level Headed - dei er ujamne og eventyrlystne, snublar av og til, men lagar alltid interessant musikk på eit album som er alt anna enn tittelen lover.»[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane skrivne og komponerte av Brian Connolly, Steve Priest, Andy Scott, and Mick Tucker utanom der andre er nemnde.

Polydor-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Dream On»Scott2:53
2.«Love Is Like Oxygen»Scott, Trevor Griffin6:53
3.«California Nights» 3:45
4.«Strong Love» 3:28
5.«Fountain» 4:44
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Anthem No. I (Lady of the Lake)» 4:11
7.«Silverbird» 3:26
8.«Lettres D'Amour» 3:30
9.«Anthem No. II» 1:02
10.«Air on 'A' Tape Loop»Priest, Scott, Tucker5:59
Bonusspor på 1991- og 1997-utgåvene
Nr.TittelLengd
11.«Love Is Like Oxygen» (singelversjonen)3:48
12.«Cover Girl»3:34
13.«California Nights» (singelversjonen)3:22
14.«Show Me The Way»3:22
Bonusspor på 2005-utgåva
Nr.TittelLengd
11.«Love Is Like Oxygen» (singelversjonen)3:49

Capitol-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Denne versjonen har eit anna plateomslag og anna rekkjefølgje på songane.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«California Nights»3:39
2.«Silverbird»3:24
3.«Dream On»2:50
4.«Fountain» (siste del med cembalo er kortare og ingen hi-hat-cymbal)4:12
5.«Love Is Like Oxygen»6:49
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Anthem No. I (Lady of the Lake)»4:08
7.«Strong Love»3:28
8.«Lettres D'Amour»3:27
9.«Anthem No. II»0:58
10.«Air on 'A' Tape Loop»5:59

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]