Leverdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Leverdalen (også skrive Levradalen, men denne skrivemåten vart avslegen av Statens kartverk i 2001) er ein dal heilt i utkanten av Trollheimen i Rennebu kommune i Sør-Trøndelag. Gjennom dalen renn elva Levra som har utspringet sitt i Kvolvtjørnin i Oppdal og munnar ut i den kunstig oppdemde Granasjøen. Næraste tettstad er Nerskogen. Fjella på begge sider av dalen er omtrent 1100-1200 m.o.h., medan dalbotnen ligg ca. 600-750 m.o.h.

Leverdalen har lange tradisjonar for seterdrift, og enkelte setrar er framleis i bruk. Området er eit mykje brukt turterreng med fleire merkte turstigar og gode tilhøve for jakt og fiske. Ei mengd gamle dyregraver vitnar om at Leverdalen i tidlegare tider var eit viktig jaktterreng. Leverdalsvegen er ein privat bomveg som går parallelt med fylkesveg 512 på sørvestsida av Granasjøen.