Levermosar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Levermosar
Pellia epiphylla5 ies.jpg
Pellia epiphylla - flikvårmose, ein levermose.
Vitskapleg namn
Marchantiophyta
Utbreiing
Habitat: terrestrisk
Systematikk
Rike: Plantae
Embryophyta
Rekke: Marchantiophyta
Klasser og ordener

Levermosar (Marchantiophyta) er ei planterekkje av landplantar. I likskap med andre mosar vantar dei ekte leiingsvev, og det er den haploide gametofytten som er den sjølvstendige, fotosyntetiserande organismen.

Fysiske trekk[endre | endre wikiteksten]

I likskap med bladmosar og nålkapselmosar vantar levermosar stoffet lignin, og kan difor ikkje danna ekte leiingsvev. Dette avgrensar storleiken deira, då det er ugreit å transportera væske. Flestalle levermosar er mindre enn 10 cm lange, og som regel 2-20mm breie.

Levermosar veks både som thallus, eller med bladvokster. Blada på levermosar er gjerne ikkje differensiert frå stengelen, og er aldri meir enn ein celle tjukke. Blada er ofte kuppelforma, og vantar costa (sentral streng).

Somme artar har archegonia og antheridia veksande som separat organ (ofte hjå artar med bladvokster), hjå andre ligg dei inne i thallusen. Somme artar har både organ på same planta, andre er særkjønna (anten hann- eller hoplante).

Livssyklus[endre | endre wikiteksten]

Hjå levermosar, som hjå alle mosar, er det den haploide gametofytten som er den sjølvstendige organismen. Gametofytten dannast frå ein spore. Gametofytten dannar hannleg antheridium og holeg archegonium. Antheridia dannar spermatocyttar, som igjen dannar spermceller. Desse har hjå alle artar to flagella. Hjå somme artar er det spermcellen som sym frå eine planten til hine; hjå andre er det sjølve spermatocytten som sym.

Spermcellen og eggcellen (som vert danna i archegoniet) produserer ein diploid zygot. Til skilnad frå algar veks zygoten inne i archegonieskalet. Zygoten deler seg og vert til eit embryo, som så dannar sporofytten. Til skilnad frå andre landplantar kan ikkje sporofytten produsera eiga næring, og lev parasittisk på gametofytten. Det er sporofytten som slepp ut sporane. Desse er haploide, og er difor meiosporar.

Utbredning[endre | endre wikiteksten]

Det er ikkje visst kor mange levermoseartar som finst, men dei fleste overslag ligg på mellom 5000 og 10000 artar. Mange artar har vorte skildra fleire gonger, utan at dette er klårt, som truleg gjer talet høgare enn det i røynda er. Samstundes er det truleg mange artar som ikkje har vorte oppdaga enno.

Levermosar finst i dei fleste økosystemjorda. Dei kan ikkje leva i vatn. Mangelen på lignin gjer at levermosar har mindre effektivt vern mot UV-stråling, som gjer at dei ikkje kan leva på stader med veldig intenst solljos. Flestalle levermosetypar tek til seg vatn gjennom planteyta, og treng difor ein del nedbør. Ein annan faktor som bind levermosar til fuktige område er at spermcellene eller spermatocyttane treng vatn for å koma seg frå ein plante til ein annan.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Levermosar er truleg mellom dei fyrste utviklingsstadia hjå embryofyttar (landplantar). Mellom anna vantar alle levermosar stomata på sporofyttane. Difor er det truleg at levermosar byrja å utvikla seg i ei anna lei enn andre embryofyttar før stomata vart utvikla.

Opphavleg vart levermosar, nålkapselmosar og bladmosar klassifisert i same rekkje, Bryophyta. I dag reknar ein med at karplantane òg er sprungne ut av denne gruppa, noko som gjer Bryophyta parafyletisk. I dag er Bryophyta namnet på rekkja som inneheld bladmosar.

I dag klassifiserast levermosar i rekkja Marchantiophyta, ogso kalla Hepaticophyta. Marchantiophyta var tidlegare delt inn i to klasser:

  • Marchantiopsida. Inneheld artar med enkelt thallus, og somme med bladvokster.
  • Jungermannopsida. Inneheld artar med komplekst thallus, samt ein del med bladvokster.

Nyleg har ein tredje klasse, Haplomitriopsida, vorte definert. Her finn ein blad-dannande artar utan rhizoid, og ein del artar med bladliknande thallus, mellom anna Tussemose (Haplomitrium hookeri) som óg veks i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]