Levestandard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Levestandard er nivået på inntekt, varer og tenester som er tilgjengeleg, generelt brukt om eit samfunn eller ein stad, snarare enn på eit individ. Levestandard er relevant av di han reknast å bidra til livskvaliteten til eit individ. Levestandard er generelt opptatt av objektive utrekningar utanfor den personlege kontrollen til eit individ, til dømes økonomiske, samfunnsmessige, politiske og miljømessige tilhøve - slike ting som eit individ kan tenkja seg når ein vurderer kvar ein vil bu i verda, eller når ein vurderer suksessen til økonomisk politikk.

Levestandarden er påverka av faktorar som kvaliteten og tilgjenget på sysselsetting, klasseskilnader, fattigdom, kvalitet og rimelege bustader, arbeidstimar som krevst for å kjøpa naudsynte varer, bruttonasjonalprodukt, inflasjonsrate, mengde fritid, tilgang til og kvalitet på helsetenester, kvalitet og tilgjenge på utdanning, lesekunne, forventa levealder, førekomst av sjukdommar, kostnader for varer og tenester, infrastruktur, tilgang, kvalitet og pris på offentleg transport, nasjonal økonomisk vekst, økonomisk og politisk stabilitet, fridom, miljøkvalitet, klima og tryggleik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]