Levi ben Gerson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Levi ben Gerson
Fødd1288
Bagnols-sur-Cèze
Død28. april 1344
Perpignan
NasjonalitetFrankrike
Områdefilosofi
Yrkeastronom, rabbinar, matematikar, filosof, astrolog

Levi ben Gerson eller Gershon, ofte òg kalla etter det latiniserte namnet Gersonides (12881344) var ein spansk-jødisk filosof og matematikar. Han var det meste av livet sitt busett i Avignon i Frankrike.

I det filosofiske hovudverket sitt, Guds kamp, freistar han å sameine idear frå Det gamle testamentet med filosofien til Aristoteles. Han var ein av dei viktigaste matematikarane i mellomalderen og vert gjerne rekna som oppfinnaren av camera obscura og jakobsstaven, som er eit av dei tidlegaste navigasjonsinstrumenta. Han skreiv eit skrift om trigonometri, i tillegg til eit om numerisk rekning, der han mellom anna diskuterer permutasjonar og kombinasjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]