Levkáda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Levkáda
Lokalt namn Λευκάδα
Satellittbilete av Levkáda
Satellittbilete av Levkáda
Geografi
Stad Det joniske havet
Koordinatar 38°43′N 20°39′EKoordinatar: 38°43′N 20°39′E
Øygruppe Dei joniske øyane

Areal 293 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei joniske øyane
Levkáda
Største busetnad Levkáda by (8 673 innb.)

Demografi
Folketal 22 652 (2011[1])
Folketettleik 67,9 /km²

Levkáda (gresk Λευκάδα), òg kalla Lefkada, Lefkas og Leukas, er ei øy i Dei joniske øyane i Hellas. Ho ligg nær fastlandet, som ho er forbunde til via ei lang demning og ei flytebru. Levkáda by ligg nord på øya, om lag 20 minutt med bil frå Préveza flyplass.

Tidlegare hadde Levkáda fem kommunar. Frå 2011 er heile Levkáda ein kommune, som òg omfattar dei to småøyane Kálamos og Kastós i aust. Øya høyrer administrativt til under periferieininga Levkáda i periferien Dei joniske øyane. Forutan Levkáda omfattar periferieininga kommunen og naboøya Meganísi.[2]

Levkáda by med oppunder 10 000 innbyggjarar, har ei gågate som hovudgate, ei lystbåthamn og bussamband til Aten.

Austkysten av øya har små feriestader som Lygiá, Nikiána og Perijáli, som alle ligg nord for den store feriestaden på øya, Nydrí. Han ligg på ein lun stad med utsyn over til Skorpiós - eigd av Aristotelis Onassis - Meganísi og andre småøyar, i tillegg til det greske fastlandet. Hovudvegen frå Levkáda til Vasilikí går gjennom byen, men det vert for tid bygd veg utanom. Det går faste båtruter til Kefaloniá, Itháki og Meganísi.

20 km sør for Nydrí ligg feriestaden Vasilikí, eit senter for brettsegling. Frå her går det ferjer til Kefaloniá og Itháki.

Sør for Vasilikí ligg Kapp Levkáda der den kjende greske kvinnelege diktaren Sapfo visstnok tok livet av seg då ho hoppa ut frå dei 30 meter høge klippene. Frå her er det flott utsyn over til Itháki og Kefaloniá.

Segna om Sapfo sitt sjølvmord ved Kapp Levkáda er knytt til andre myter som knyter øya til den antikke greske kjærleiksgudinna, Afrodite, og til Odyssevs, helten i Homer sin Odysseen. Den tyske arkeologen Wilhelm Dörpfeld la fram ein teori om at den verkelege historiske Ithaka, heimstaden til Odyssevs, låg vest for Nydrí på sørkysten av Levkáda var. Det er fleire ordskifte i Odysseen som kan tyde på at Levkáda er utgangspunktet for Homer sin Ithaka. Ein av desse skildringane skildrar Ithaka som ei øy ein kan nå til fots, noko som er tilfelle for Levkáda. Ein meiner derimot at landbrua over til fastlandet kjem av avleiring i sundet i nyare tid, og at øya på Homer si tid faktisk var ei øy.

På vestkysten finn ein stranda Pórto Katsíki, og i nord er det fleire andre strender med gylden sand og kraftige bølgjer, som står i kontrast til den rolegare austkysten.

Segna seier at for eit par tusen år sidan så var Levkáda forbunde til fastlandet. Enkelte seier at lelegarar, dei første innbyggjarane på øya, omforma ho til ei øy, og andre hevdar at korintarane grov ei grøft over eidet frå øya til fastlandet.

14. august 2003 vart øya råka av eit kraftig jordskjelv som målte 6,4 på Richterskalaen. Det kom rapportar om mindre skadar. Vegar vart avskore av jordskred, særleg vegen til den sørlege delen av Levkáda. Ein kunne merke jordskjelvet heilt til Aten.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane på Levkáda

og dei to småøyane

Dei sju tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Levkáda by Levkáda by 8 673
Nydrí Elloménos 971
Lyjá Levkáda by 930
Apólpena Levkáda by 819
Nikána Levkáda by 724
Karyá Karyá 589
Kariótes Levkáda by 532
Lazaráta Sfakiótes 526
Tsoukaládes Levkáda by 514

Andre busetnader på øya er:

  • Frýni (494)
  • Vlykhó (440)
  • Kallithéa (428)
  • Ájos Pétros (422)
  • Vasilikí (395)
  • Sývros (379)
  • Marandakhóri (330)
  • Perijáli (315)
  • Rákhi (247)
  • Pinakokhóri (214)
  • Kalamítsi (211)
  • Atháni (204)




Småøyar i kommunen:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]