Levkodystrofi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Levkodystrofiar eller leukodystrofiar er ulike sjukdomar som råkar den kvite substansen og myelinet i sentralnervesystemet. Dei kan koma frå for lite danning av myelin (hypomyelinisering), uvanleg myelinutvikling (dysmyelinisering) og tap av myelin (demyelinisering). Symptom på levkodystrofiar kan fyrst syna seg ved alt frå fosterstadiet til vaksen alder.

Levkodystrofiar kan òg involvera det perifere nervesystemet. Levkodystrofiar femnar tradisjonelt og i nyare definisjonar ikkje om ikkje-arvelege sjukdomar som multippel sklerose.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]