Hopp til innhald

Levkosía

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikosia
Λευκωσία  Levkosía
Lefkoşa
hovudstad
Land  Kypros,  Nord-Kypros
Distrikt   Levkosía (Kypros)
  Lefkoşa   (Nord-Kypros)
Areal 51,06 km²
Folketal 56 848 (2021)[1]
Kart
Nikosia
35°10′21″N 33°21′54″E / 35.1725°N 33.365°E / 35.1725; 33.365
Lévkosía innafor distriktet Levkosía.
Lévkosía innafor distriktet Levkosía.
Lévkosía innafor distriktet Levkosía.
Wikimedia Commons: Nicosia
Utsyn over den sentrale delen av Lévkosía.

Lévkosía[a] eller Nikosia[b] er hovudstaden og den største byen på Kypros. Han ligg ved elva Pediéos om lag midt på øya. Levkosía er ein kommune i distriktet Levkosía i Republikken Kypros.[2]

Den tyrkiske invasjonen i 1974 okkuperte 36 % av øya og delte hovudstaden i to. Etter det har den nordlege delen av busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Lefkoşa (Nord-Levkosía) i distriktet Lefkoşa.[3] Dei tyrkiske kypriotane nyttar byen som hovudstad i Nord-Kypros, som ikkje er internasjonalt anerkjend av andre land enn Tyrkia.

Levkosía er ein moderne, dynamisk hovudstad med mange butikkar, restaurantar og underhaldning. Byen er eit handelssentrum og produserer tekstilar, lêr, keramikk, plastikk og andre produkt. I nærleiken ligg kopargruver. I den sørlege forstaden Latsiá ligg Kypros universitet.

Administrasjon og folketal

[endre | endre wikiteksten]

Levkosía, republikken Kypros

[endre | endre wikiteksten]

Ved folketeljinga i 2021 hadde den delen av kommunen som er under kontroll av styresmaktene, 56 479 innbyggjarar,[4] mot 55 014 innbyggjarar i 2011.[5]

Folketalet i denne delen av kommunen har fordelt seg slik på bydelane:

BusetnadFolketal 2011[5]Folketal 2021[4]
Ájos Andréas  5 767 5 579
Trypiótis  2 158  2 282
Nembetkhané (1)  189  155
Tambakkhané (2)  299  206
Faneroméni (F.)  512  373
Ájos Sávvas (Á.S.)  581  649
Omerié (O.)  206  109
Ájos Andónios  5 801 6 256
Ájos Ioánnis (Á.I.)  221  234
Taktelkalé (Tak.)  826  729
Khrysalinótissa (3)  124  113
Ájos Kassianós (4)  82  91
Kaimaklí  11 564  11 994
Panajía  12 398  13 292
Áji Konstandínos ke Eléni (Á.K.&E.)  3 209  3 520
Áji Omologités  10 528  10 338
Aráp Akhmét  50  39
Jéni Tzamí  215  235
Omorfíta  284  285

Storbyområdet til Levkosía omfattar òg kommunane Aglandziá, Ájos Dométios, Éngomi, Jéri, Lakatámia, Latsiá, Stróvolos og Tséri og hadde i 2021 i alt 258 211 innbyggjarar.

Lefkoşa, Nord-Kypros

[endre | endre wikiteksten]

Ved folketeljinga i 2011 hadde den nord-kypriotiske kommunen Lefkoşa 61 738 innbyggjarar, fordelt på bydelane:[3]

Storbyområdet til Lefkoşa (Nord-Levkosía) omfattar òg kommunane Alayköy (Jerólakkos) og Gönyeli (Kióneli) og hadde i 2011 i alt 82 539 innbyggjarar.[6][3]

Byen vart grunnlagd av egyptarar på 300-talet. I antikken vart byen kalla Ledrae. Det greske namnet Levkosía kjem frå Ptolemaios I av Egypt sin son, som grunnla byen. På 1000-talet vart byen hovudstad på Kypros. Under namnet Ledrea kom Levkosía inn under Venezia i 1489. Namnet Nikosia byrja ein å bruke på 1100-talet. Då osmanarane erobra byen i 1570 vart om lag 20 000 menneske skada. Rundt 1960, då Kypros fekk sjølvstende av Storbritannia, starta ein valdeleg periode mellom dei greske og tyrkiske kypriotane, og i 1974 invaderte Tyrkia øya. Sidan den gong har det byen har vore delt av ei SN-sone i byen, «den grøne linja».

  1. gresk Λευκωσία, tyrkisk Lefkoşa
  2. engelsk og eldre norsk Nicosia, på gresk òg Χώρα (Khóra)
  1. https://view.officeapps.live.com/op/view.aspx?src=https://library.cystat.gov.cy/NEW/POP_CEN_21-PRE_RESULTS-URBRUR_COMP-EN-040823.xlsx&wdOrigin=BROWSELINK.
  2. «Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023.
  3. 1 2 3 «KKTC Nüfus Sayımı, 2011 – Folketeljing Nord-Kypros 2011» (PDF) (på tyrkisk). www.ktoeos.org. Arkivert frå originalen (PDF) 9. juli 2022. Henta 17. september 2023.
  4. 1 2 «Folketeljing Kypros 2021» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 21. juni 2025. Henta 28. august 2025.
  5. 1 2 «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
  6. «Başkent Lefkoşa İmar Planı – Utviklingsplan for hovudstaden Lefkoşa» (PDF) (på tyrkisk). Şehir Planlama Dairesi – Byplanavdelingen. Arkivert frå originalen (PDF) 10. august 2023. Henta 17. september 2023. Notat 2012

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Levkosía