Lex imperfecta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lex imperfecta (latin: ufullstendig lov), er ei lov som ikkje kan gjennomtvingast ved rettslege middel. I nokre tilfelle har lovreglar ingen bestemmelsar om kva følgjer det skal ha om regelen blir broten. Regelen kan dermed vere ei moralsk rettesnor eller ei målsetting frå lovgjevar si side, men altså utan sanksjonar ved brot på regelen.

Eksempel frå norsk rett[endre | endre wikiteksten]

Eksempel på dette er Grunnlova § 110 første ledd[1], som lyder:

«Det paaligger Statens Myndigheder at lægge Forholdene til Rette for at ethvert arbeidsdygtigt Menneske kan skaffe sig Udkomme ved sit Arbeide.»

Ein kan ikkje med heimel i denne paragrafen fremme noko krav mot staten eller nokon annan, verken eit krav om å få arbeid, eit krav om erstatning for at ein ikkje har fått arbeid, eller eit krav om straff fordi denne regelen ikkje har blitt oppfylt.

Eit anna eksempel er barnelova § 30[2], der første ledd mellom anna har følgjande innhald:

Ǥ 30. Innhaldet i foreldreansvaret.

Barnet har krav på omsut og omtanke frå dei som har foreldreansvaret. (...) Foreldreansvaret skal utøvast ut frå barnet sine interesser og behov.»

Her er ingen reglar i barnelova som inneheld sanksjonar ved brot på desse rettane og pliktene. Så barnelova er lex imperfecta når det gjeld desse reglane. Reglane er ei moralsk rettesnor frå lovgjevar si side. Ein skal likevel vere merksam på at andre lover, til dømes barnevernlova og straffelova, har lovreglar som råkar alvorlege brot på omsuta for eit barn frå foreldra si side.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Lex imperfecta hos Store danske, vitja 19. august 2011.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]