Li Yanfeng
| Li Yanfeng | |
| Statsborgarskap | Folkerepublikken Kina |
| Fødd | 15. mai 1979 (47 år) Qinggang |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Asialekene 2010 |
Li Yanfeng (fødd 15. mai 1979) er ein kinesisk diskoskastar frå Heilongjiang-provinsen. I 2011 vart ho verdsmeister i øvinga, som den aller fyrste frå Kina. Året etter fekk ho sølvmedaljen i diskoskasting under Sommar-OL 2012 i London, etter at den opphavlege sølvvinnaren var diskvalifisert. Li sin personlege rekord frå 2011 måler 67,52 meter.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Li vart asiameister i 2002 med eit kast på 60,06 meter. Året etter sigra ho ved asialeikane 2003 i Manila med eit bestekast på 61,87 m. Ho sette personleg rekord med 64,34 m i 2004, men måtte vente i fem år før ho makta forbetre sitt personbeste. Etter 8. og 7. plass i dei olympiske sommarleikane 2004 og 2008, nådde ho i oktober 66,40 m i Jinan-leikane heime i Kina. I desember 2009 gjekk ho til topps i austasialeikane i Hong Kong med 64,66 m. 5. juni 2011 presterte ho livsbeste 67,98 m i tyske Schönebeck. Den 28. august slengde ho diskosen 66,52 m i VM-finalen i Daegu og vart verdsmeister. 12. mai 2012 vart Li målt til 67,84 m i tyske Wiesbaden. I den olympiske diskosfinalen i London 3. august 2012 kom Li på tredjeplass med sine 67,22 meter, ei plassering som året etter vart omgjort til sølvmedalje, ettersom andreplasserte Darja Pisjtsjalnikova vart dømd for dopingbruk.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Li Yanfeng» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2015.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1979
- Kinesiske diskoskastarar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kina
- Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Verdsmeistrar i friidrett
- Verdsmeistrar i friidrett for Kina