Liadalsnipa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Liadalsnipa
fjell
Liadalsnipa.jpg
Liadalnipa sett frå Rjåneset
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Ørsta (Møre og Romsdal)
Fjellkjede Sunnmørsalpane
Høgd 924 moh.
Koordinatar 62°13′47.5″N 6°01′32.6″EKoordinatar: 62°13′47.5″N 6°01′32.6″E

Liadalsnipa
62°13′47″ N 6°1′35″ E

Liadalsnipa (924 moh.) er eit fjell i ØrstaSunnmøre.[1] Det ligg like ved bygda Liadal ved Ørstafjorden. Båe dei vanlegaste rutene til toppen startar på garden Halse i Liadal. Det krev noko kliving for å kome til topps.

I 1940 vart det oppsett ei vindfløy på toppen av Liadalsnipa. Ei 7 meter lang metallpil vart montert på toppen av ein 6 meter høg stake. Den totale vekta var om lag 500 kg.

Teikning frå 1810 av Liadalsnipa i Ørsta, her namngitt som Saalmunds-Nasa

I Norsk Landboeblad (red. Sivert Aarflot), nr 26 frå 1810, er der ein artikkel der det mellom anna er vist eit kart over Ørstafjorden og ei teikning av Liadalsnipa sett frå Hovdebygda. Som biletet nederst til høgre viser, blir fjellet her kalla «Saalmunds-Nasa» eller «de Gamles Birkjin».

Frå andre kjelder er det òg kjent at ute frå øyane på Sunnmøre, der dette fjellet var, og framleis er, eit viktig méd og landemerke, vart det før i tida kalla «Salmundnosa».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Liadalsnipa, Ørsta (Møre og Romsdal)». Yr/Kartverket. Henta 14. mai 2017. 
  • Helge Standal, Jon Hagen, Gunnar Wangen: Fotturar på Sunnmøre. Iris Forlag 2000.