Liangshan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Liangshan (raud) i Sichuan

Liangshan (forenkla kinesisk: 凉山; tradisjonell kinesisk: 涼山; pinyin: Liángshān) er eit autonomt prefektur for yi-folket, sørvest i Sichuan-provinsen i Kina. Prefekturet grensar i aust, sør og til dels i vest mot Yunnan-provinsen. Liangshan dekker eit areal på 60 423 km² med i overkant av 4,5 millionar ibuarar (2009). Hovudstaden Xichang (西昌市) ligg midt i prefekturet.

Det autonome prefekturet Liangshan omfattar eitt byfylke (市 shì), 15 fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Ved folketeljinga i 2010 utgjorde [[yifolk] 49,13%, hankinesarar 47,55%, medan 1,49% vart registrerte som tibetanarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]