Liarbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liarbø
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Gardnummer 56

Liarbø er ein gard sør i Fitjar kommune.

Garden grensar til Stordfjella i aust, Sæterbø i sør, Røydland i vest og Årbø i nord. Garden ligg noko opp i lia og har fått namn etter dette.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden er ikkje særleg gammal og vart truleg opprydda under gardane som ligg lenger vest. Han er nemnt som Liid i Bjørgyngar Kalfskinn kring 1350. I 1590 vart namnet skrive Lierbøe og på same måte som nabogarden Sæterbø, har han mest truleg lege øyde i seinmellomalderen, men blitt nytta som beitemark eller slåtteland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]