Libanesisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 33°50′N 35°50′E

Detaljert kart over Libanon, 2002
Sannine

Libanon er ein del av Midtausten og ligg omkring ved 35 ˚N, 35 ˚V, langs austkysten av Middelhavet, og er om lag tre gonger så langt som det er breitt. Det strekkjer seg frå nord og sør og terrengert vart gradvis smalar i sør. Libanon er eit fjellendt land.

Plasseringa til landet gjorde at det vart forma av handel, som ei lenkje mellom Middelhavet og India og Aust-Asia.

Land[endre | endre wikiteksten]

Topografi i Libanon.

Arealet til Libanon er kring 10 452 km². Landet er omtrent rektangulært og vert smalare mot sør og lengst nord. Det breiaste punktet er 88 km, og det smalaste er 32 km, og i snitt er breidda kring 56 km.

Den fysiske geografien i Libanon er påverka av naturlege system som strekkjer seg utanfor landet. Beqaadalen er til dømes ein del av Riftdalen-systemet, og strekkjer seg frå det sørlege Tyrkia til Mosambik i Afrika. Som andre fjelland, er den fysiske geografien i Libanon kompleks. Landformer, klima, jordsmonn og vegetasjon endrar seg fort over korte avstandar. Det er òg skarpe skilje i andre element av naturen, frå godt til dårleg jordsmonn, ettersom ein flyttar seg gjennom dei libanesiske fjella.

Ein stort trekk ved topografien i Libanon er skiftet mellom lågland og høgland, som stort sett går parallelt frå nord til sør. Det er fire slike lange striper mellom kysten av Middelhavet og Syria: kyststripa, Vest-Libanon, det sentrale platået og Aust-Libanon.

Den særs smale kyststripa strekkjer seg langs austksyten av Middelhavet. Mellom sjøen og fjella, ligg sahil, sm det vert kalla i Libanon, og denne er på det breiaste like nord for Tripoli, der han berre er 6,5 km. Nokre kilometer sør ved Juniyah er sletta kring 1,5 km brei og innanfor ligg lågberg som stig til 750 meter over havet berre 6,5 km frå sjøen. For det meste er kysten bratt og klippelendt. Kysten har ingen djupe bukter eller nes. Den maritime sletta er særleg frodig og det vert dyrka mykje frukt og grønsaker der.

Den vestlege fjellkjeda heiter Libanonfjella. Sidan romerske dagar har Libanonfjella hatt dette namnet. Antilibanos (Anti-Libanonfjella) vart nytta om den austlege fjellkjeda. Geologar trur at dei to fjellkjedene ein gong danna ei enkel fjellkjede. Libanonfjella er dei høgaste og mest kuperte og startar med Amanus- eller Nurfjella nord i Syria og endar med det høge massivet på Sinai. Fjellstrukturen dannar den første barrieren for kommunikasjon mellom Middelhavet og dei austlege områda av Libanon. Fjellkdja er klårt definert og har klåre naturlege grenser på alle fire sider. I nord er fjella skild frå Dei syriske kystfjella i Syria av An Nahr al Kabir («den store elva»); i sør grensar dei til Al Qasimiyah-elva, som gjer at fjella har ei lengd på 169 km. Breidda varierer frå kring 56,5 km nær Tripoli til 9,5 km i sørenden. Fjella stig til alpine høgder søraust for Tripoli, der Al Qurnat as Sawda («den svarte kroken») har ei høgd på 3088 moh. Av toppane aust for Beirut, er Jabal Sannin (2695 moh) den høgaste. Ahl al Jabal («folket av fjellet»), eller berre jabaliyyun, har tradisjonelt synt til innbyggjarane vest i Libanon. Nær sørenden går det ei grein av Libanonfjella vestover og dannar Shuffjella.

Den tredje geografiske regionen er Biqadalen. Denne sentrale, høgtliggande dalen mellom Libanonfjella og Anti-Libanonfjella er kring 177 km lang og 10-15 km brei, med ei gjennomsnittleg høgd på 762 moh. Den midtre delen er breiare enn dei to ytterpunkta. Geologsik er Biqa den midtre delen av senkinga som strekkjer seg nord til den vestlege svingen av elva Orontes i Syria og sør til Jordan gjennom Al Arabah til Al Aqabah, den austlege armen av Raudehavet. Biqa er det viktigaste jordbruksområde i landet og var eit kornlager for romersk Syria. Namnet Biqa er arabisk fleirtal av buqaah, som tyder ein stad med stilleståande vatn.

Frå foten sør for Homs i Syria, strekkjer den austlege fjellkjeda, Anti-Libanonfjella (Lubnan ash Sharqi), seg nesten like langt og høgt som Libanonfjella. Denne fjerde geografiske regionen fell raskt frå Hermon til Hauran, der han held fram gjennom Jordan og sør til Daudehavet. Baradakløfta deler Anti-Libanon. I den nordlege delen ligg det nokre få landsbyar i vestsida, men vestsida i den sørlege delen, der Hermon på 2860 moh ligg, er det mange landsbyar. Anti-Libanonfjella er tørrare enn Libanonfjella, særleg i nord, og er derfor mindre frodig og tynnare folkesett.

Batymetrisk kart over Libanon.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Libanonfjella
Den libanesisk kysten

Libanon har eit middelhavsklima med ein lang og tørr sommar og ein kjølig, regnfull vinter. Hausten er ei overgangstid med gradvis lågare temperaturar og noko regn. Våren startar når vinterregnet får vegetasjonen til å bløme att. Topografiske variasjonar skapar mange lokale klimamønster. Langs kysten er somrane varme med høg luftfukt, men lite eller ingen regn. Det oppstår kraftig dogg, som er nyttig for jordbruket. Temperaturen gjennom døgnet varierer ikkje mykje. Ein vestleg vind skapar ein avkjølande effekt om ettermiddagen go kvelden, medan vinden om natta bles ut frå kysten.

Vinteren er den mest regnfulle tida, og det meste av nedbøren fell etter desember. Det kan kome mykje regn, men som regel berre i løpet av enkelte dagar, i kraftige regnfall. Nedbørsmengdene varierer mykje frå år til år. Stundom er det frost om vinteren, og ein gong omtrent kvart 15. år kjem det lett snøfall så langt sør som til Beirut. Ein varm vind bles frå den egyptiske ørkenen, kalla khamsin (arabisk for «femti»), og kan gje oppvarming om hausten og våren. Ein bitande kald vind kan stundom blese frå Europa. Langs kysten gjer nærleiken til sjøen at klimaet vert moderert, og temperaturskilnadane vert mindre enn lenger inne i landet. Temperaturen er likevel lågare i nordlege delar av kysten, der det òg kjem mest regn.

I Libanonfjella fører høgda til kalde vintrar og nedbør som snø. Om sommaren varierer temperaturen gjennom døgnet meir enn ved kysten, og luftfukta er lågare. Om vinteren er det ofte frost og snøfall, og faktisk kan snøen ligge på dei høgaste toppane året rundt. Om sommaren kan temperaturen verte like høg som ved kysten på dagtid, men det vert kjøligare om natta. Innbyggjarar ved kysten søker ofte opp i fjella for å kome unna den verste varmen og luftfukta om sommaren, og her finst mange feriestader. Både khamsin-vinden og nordavinden om vinteren vert merka i Libanonfjella. Påverknaden av Middelhavet vert dempa av høgda, sjølv om nedbørsmengdene er større her enn ved kysten. Temperaturen varierer òg meir.

Biqadalen og Anti-Libanonfjella får lite innverknad frå sjøen på grunn av Libanonfjella. Dette fører til langt mindre nedbør og lågare fukt og større døgnvariasjonar i temperaturen. Khamsin-vinden rører ikkje Biqadalen, men nordavinden kan verte så kraftig at innbyggjarane seier han kan «knekke naglar». Trass i at Biqadalen ligg relativt lågt, kjem det meir snø her enn i tilsvarandre høgd på vestsida av Libanonfjella.

På grunn av høgda får Anti-Libanonfjella meir nedbør enn Biqadalen, trass i at dei ligg lengre borte frå havet. Mykje av nedbøren fell som snø, og toppane av Anti-Libanon, er snødekte mykje av året. Temperaturane er lågare enn i Biqadalen.

Biqadalen får vatn frå to elvar som spring ut i vasskiljet nær Baalbek: Orontes flyt nord og Litani flyt sør til åsane sørom Biqadalen, der ho brått snur vest i Sør-Libanon, og etter det heiter ho Al Qasmiyah. Orontes held fram nordover og inn i Syria og munnar ut i Middelhavet i Tyrkia. Vatnet renn det meste av løpet gjennom ein kanal som er mykje lågare enn bakken rundt. Nahr Barada, som gjev vatn til Damaskus, har kjelda si i Anti-Libanonfjella.

Mindre kjelder og elvar fungerer som sideelvar til desse hovudvelvane. Fordi elvane flyt gjennom bratt terreng, renn dei raskt og er meir eroderande enn avsetjande. Den einaste permanente innsjøen er Buhayrat al Qirawn, kring 10 km aust for Jezzine. Det finst ein delvis tørrlagt innsjø, i austsida av Libanonfjella nær Yammunah, kring 40 km søraust for Tripoli.

Areal og grenser[endre | endre wikiteksten]

Kart over Libanon

total: 10 400 km²

land: 10 230 km²

vatn: 170 km²

Landegrenser:

total: 454 km

grenseland: Israel 79 km, Syria 375 km

Kystlinje: 225 km

Maritime krav: territorialfarvatn: 12 nautiske mil

Høgder:

lågaste punkt: Middelhavet 0 moh

høgaste punkt: Qurnat as Sawda' 3088 moh

Ressursar og arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Kalkstein, jernmalm, salt, vassoverskot i ein vassfattig region, dyrkbar mark.

Arealbruk: dyrkbar mark: 10.72%

permanente avlingar: 12.06%

anna: 77.22% (2011)

Kunstig vatning: 1 040 km² (2011)

Totalt fornybare vassressursar: 4,5 kubikkilometer

Miljøvern[endre | endre wikiteksten]

Av naturfarar finn ein mellom anna støvstormar.

Noverande miljøproblem er avskoging, jorderosjon, ørkenspreiing, luftforureining i Beirut frå trafikk og brenning av industriavfall, og forureining av kystnære farvatn av rå kloakk og oljeutslepp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]