Libe Rieber-Mohn
| Libe Rieber-Mohn | |||
| | |||
| Fødd | 25. august 1965 (60 år) | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar, sosiolog | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
| Ektefelle | Rune Bjerke | ||
| Alle verv | |||
Libe Solberg Rieber-Mohn (fødd 25. august 1965 i Oslo) er ein norsk politikar (Ap) og statstenestekvinne. Ho vart i statsråd 17. juni 2016 utnemnd til etterfølgjaren til Geir Barvik som direktør for Integrerings- og mangfaldsdirektoratet frå august 2016.[1]
Rieber-Mohn er utdanna cand.sociol. frå Universitetet i Oslo, og jobba fram til 2003 i ulike stillingar i Oslo kommune og innan politikk. Ho var medlem av Oslo bystyre i periodane 1987–1991 og 1999–2003. Frå 2004 arbeida ho med politikk på heiltid, fyrst som politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet, og frå 2005 til 2009 som statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet. I 2004 leia ho integreringsutvalet til Arbeidarpartiet. Ho var byrådsleiarkandidaten til Oslo Arbeidarparti ved valet i 2011, og var varaordførar i Oslo i perioden 2011–2015.
Rieber-Mohn var tidlegare nestleiar i Oslo Havnestyre og styremedlem i Støttesenter mot Incest.
Rieber-Mohn er gift med Rune Bjerke (tidlegare konsernsjef i DNB ASA) og har to døtre.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Libe Rieber-Mohn» frå Wikipedia på bokmål, den 26. november 2022.