Forsvarsspelar i fotball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Libero i fotball)

Ein forsvarar eller forsvarsspelar i fotball er dei utespelarane på eit lag som i utgangspunktet er i den bakre forsvarslinja i spelsystemet i laget og har hovudsakleg som oppgåve å forsvare sitt eige mål ved å avverje angripa til motstandarane. I eldre tider hadde forsvararane nesten utelukkande fokus på forsvarsspelet, medan dei i moderne fotball òg vert nytta i angrepsspelet.

Talet på forsvarsspelarar på eit lag er normalt tre, fire eller fem etter kva spelsystem som vert nytta og dei vert tradisjonelt inndelt i tre typar: midtstoppar, libero og back

Forsvararar[endre | endre wikiteksten]

Forsvararane[1][2] vert delt inn i tre hovudgrupper: stoppar, libero og back. Hovudrolla deira er å forsvare sitt eige mål ved å

  • Organisere forsvarslinja si i tråd med spelsystemt og posisjonen sin for å hindre eller gjere det vanskeleg for dei angripande spelarane til motstandarlaget å sende ballen i eller i nærleiken av sitt eige målbur.
  • Markera angrepsspelarane til motstandarane slik at dei ikkje kan ta imot pasningar.
  • Hindre og stoppe angrep frå motstandarane ved å ta frå dei ballen gjennom såkalla taklingar eller brytingar.

Kor mange forsvarspelarar eit lag har varierer med taktikken og spelsystemet. Det vanlegaste talet er fire, eit offensivt spelsystem tre og i eit defensivt spelsystem fem. Det er fritt fram for laget å omdisponere talet på forsvarar under ein kamp etter eigen taktikk og det resultatet ein vil oppnå. Det er ingen skilnad i fotballreglane for ein forsvarar, midtbanespelar eller angripar, og omgrepa vert berre nytta etter kvar spelarane i utgangspunktet er posisjonert og kva hovudoppgåve dei har i laget.

Målvakt
#1
Høgreback
#2
Stoppar
#5
Libero
#4
Stoppar
#6
Venstreback
#3
Posisjonar i forsvarslinja:
Venstrekant
#10
Midtbane
#8
Høgrekant
#7
Høgre angripar
#9
Venstre angripar
#11

Midtstoppar[endre | endre wikiteksten]

Midtstoppar[3], eller midtforsvarar (på engelsk centre-half, stopper eller central defender[4]), høyrer i utgangspunktet til i midten av den bakre forsvarsrekkja til laget. Hovudføremålet for ein midtstoppar er å hindre spelarane til motstandarane, og framfor alt dei sentrale angripsspelarane til motstandarlaget, frå å gjere mål og starte angrepsspelet til laget frå eigen banehalvdel.

I dei fleste moderne spelsystem nyttar ein to og stundom tre midtstopparar.

Libero[endre | endre wikiteksten]

Ein libero[5] (på engelsk sweeper[1]) er ein forsvarsspelar som ikkje har markeringsoppdrag og i staden er fri (liber) til å hjelpe laget der det trengst. Liberoen har normalt sett utgangspunkt i midten av forsvarslinja. Somme lag nyttar liberoen utelukkande som defensiv spelar, medan liberoen i andre lag kan vere med fram på banen og delta i angrepet.

I seinare år har det vorte nokså uvanleg å bruke libero og dette henge saman med at færre lag spelar mann-mann-markering og i staden spelar eit soneforsvar. Dette har gjort liberoen delvis overflødig.[6]

Sideback[endre | endre wikiteksten]

Sidebackane[3] (på engelsk full-back eller wing-back[4]) er dei forsvararane som har utgangspunkt på kantane, på kvar side av midtstopparane. Normalt sett vert det nytta ein sideback på kvar kant, og dei vert då kalla høgreback og venstreback.

Sidebackane har som regel i oppgåve å hindre kantspelarane til motstandarane frå å ta seg forbi forsvarslinja på kantane og angripe målet eller skape målsjansar i form av pasningar, så kalla innlegg, mot målet. I moderne fotball har sidebackane fått stadig større offensivt ansvar. Dei skal gje laget breidde i angrepsspelet og sjølv kunne ta seg forbi forsvararane til motstandarane for å slå innlegg mot målet til motstandarlaget.

I spelsystem som nyttar seg av tre midtstopparar, får sidebackane oftast ein posisjon høgare i banen, stundom i høgd med midtbanen. Dei har då ansvar for å passe kantspelet både offensivt og defensivt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Posisjonsguide» (på engelsk). www.bbc.co.uk. Henta 6. mai 2013. 
  2. «Försvarare - fotboll». www.ne.se. Henta 6. mai 2013. 
  3. 3,0 3,1 «Back». www.ne.se. Henta 6. mai 2013. 
  4. 4,0 4,1 «Soccer Positions» (på engelsk). expertfootball.com. Henta 6. mai 2013. 
  5. «Libero». www.ne.se. Henta 6. mai 2013. 
  6. «Tyska landslagets spelsystem». www.tyskfotboll.se. Henta 6. mai 2013.