Libor Charfreitag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Libor Charfreitag
Libor Charfreitag.jpg
Fødd 11. september 1977
Trnava
Yrke sleggekaster
Libor Charfreitag på Commons

Libor Charfreitag (fødd 11. september 1977) er ein slovakisk tidlegare sleggjekastar frå Trnava. Han vart europameister i sleggekast i 2010, og fekk VM-bronse i 2007. Charfreitag sin personlege rekord på 81,81, vart oppnådd under eit stemne i Praha i 2003.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Charfreitag deltok mellom 2002 og 2010 i ei rad meisterskapsfinalar. Første gongen, i EM 2002 i München, vart han nummer sju. Same plasseringa oppnådde han under OL 2004 i Athen.

I 2007 vann Charfreitag den fyrste medaljen i eit stort internasjonalt meisterskap, då han kom på bronseplass i sleggetevlinga under verdsmeisterskapen i Osaka. I finalen presterte han sitt lengste kast for sesongen, 81,60 m, men kunne ikkje hamle opp med korkje Ivan Tsikhan eller Primož Kozmus. Charfreitag nådde sitt mål om ei meisterskapstittel då han vann europameisterskapen 2010 med eit kast på 80,02, og slo italienaren Vizzioni med nesten ein meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]