Librazhd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Librazhd
Utsyn over Librazhd
Utsyn over Librazhd
Byvåpenet til Librazhd
Byvåpenet til Librazhd
Styresmakter
Land
Region
Albania
Elbasan
Geografi
Flatevidd
 - By

793 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

31 892[1]
Koordinatar 41°10′48″N 20°19′2″EKoordinatar: 41°10′48″N 20°19′2″E
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Librazhd kommune innafor regionen Elbasan
Librazhd kommune innafor regionen Elbasan

Librazhd er ein by og ein kommune i regionen Elbasan i Albania. Kommunen ligg sentralt i landet og grensar i nord til regionen Dibër, i nordvest til regionen Tirana. I aust ligg nabolandet Nord-Makedonia.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Librazhd vart slått saman med landkommunane Qendër Librazhd, Hotolisht, Lunik, Stëblevë, Polis og Orenjë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Librazhd 6 937 innbyggjarar, medan dei sju kommunane som i dag utgjer storkommunen Librazhd, til saman hadde 31 892 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Librazhd ein del av distriktet Librazhd.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Librazhd.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]