Libreville
| Libreville | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 189 km² | ||
| Folketal | 899 000 (2025)[1] | ||
![]() Libreville 0°24′28″N 9°26′25″E / 0.40777777777778°N 9.4402777777778°E | |||
| Wikimedia Commons: Libreville | |||
Libreville er hovudstaden og den største byen i Gabon. I 2023 hadde han 870 000 innbyggjarar, ein tredel av innbyggjarane i Gabon.[2] Byen er ein hamneby ved Gabonestuaret, nær Guineabukta. Han er handelssentrum for eit tømmerområde.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Området var folkesett av mpongwéfolk lenge før Frankrike la landet under seg. Den franske admiralen Louis Edouard Bouët-Willaumez forhandla fram ein handels- og verneavtale med den lokale mpongwéherskaren Antchoué Komé Rapontcombo i 1839.[3]
Amerikanske misjonærar frå New England grunnla ein misjon i Baraka i Gabon, på staden som no er Libreville, i 1842. I 1846 blei det brasilianske slaveskipet «L'Elizia», med ei last slavar frå Kongo, teke over av den franske marinen nær Loango under Afrika-blokaden. Femtito av dei frigjorte slavane blei busette i Libreville (fransk for 'Fri by') in 1849.[4]
Byen var den viktigaste hamna i Fransk Ekvatorial-Afrika frå 1934 til 1946. Her stod slaget om Gabon i november 1940 mellom franske styrkar frå det kollaboristiske Vichy-regimet og frie franske styrkar under general Charles de Gaulle. Då Gabon vart sjølvstendig i 1960 hadde byen berre 31 000 ibuarar, men har vokse raskt. Ved folketeljinga i 2013 hadde han 703 904 innbyggjarar.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://www.macrotrends.net/global-metrics/cities/21006/libreville/population.
- ↑ «Libreville». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023.
- ↑ «Gabon». The Lion King Magazine. Juli–september 2017. s. 26. Henta 12 October 2022.
- ↑ Britannica, Libreville, britannica.com, USA, vitja 30. juni 2019
- ↑ «GeoHive – Gabon». 22. oktober 2015. Arkivert frå originalen 6 September 2011.
