Libya, Libya, Libya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Libya, Libya, Libya» (arabisk ليبيا ليبيا ليبيا, også kjend som «Ya Beladi», 'Å landet mitt') er den libyske nasjonalsongen. Songen blei teken i bruk då landet fekk sjølvstende i 1951, og igjen då opprørarar reiste seg mot styret til Muammar Gaddafi i 2011. Teksten til songen blei skriven av Al Bashir Al-Oreibi og musikken komponert av Mohammed Abdel Wahab (1907-1991).

Songen blei bytta ut med marsjen «Allahu akbar» etter at Muammar Gaddafi hadde utført eit statskupp i 1969.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Første verset av songen
Arabisk Transliterasjon Omsett[1]

يا بلادي بجهادي وجلادي ادفعي كيد الأعادي
واسلمي
اسلمي طول المدي إننا نحن الفدا
ليبيا ليبيا ليبيا

Ya Biladi Ya Biladi Bijihadi Wajiladi
Idfa'i Kaydal A'adi Wal'awadi Waslami
Islami Islami Islami Tulal Mada Innana Nahnul Fida
Libya Libya Libya.

Å landet mitt! Med kampen min og tolmodet mitt
driv vekk fiendar og ulukke,
og overlev!
Overlev gjennom alt, me løyser deg
Libya, Libya, Libya!

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Via engelsk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]