Licancabur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Licancabur, med Laguna Verde i framgrunnen

Licancabur er ein 5 920 moh høg stratovulkan på landegrensa mellom Chile og Bolivia. Vulkanen reiser seg tett sørvest for innsjøen Laguna Verde i Bolivia. Vulkanen dominerer landskapet i 'Salar de Atacama'-området.

Sjølve fjelltoppen og krateret ligg i sin heilskap Chile, vel ein kilometer sørvest for landegrensa. Krateret er omkring 400 meter breitt og har eit 70-90 meter djupt kratervatn, som er islagt det meste av året. Vatnet et eit av dei høgstliggjande i verda, og trass i at temperaturane kan falle til -30 °C lever det plankton i vatnet.

Inka-ruiner funne på toppen av fjellet, syner at fjellet har vore klive i førkolumbisk tid. Dessutan er det eit prov på at ingen større utbrot har funne stad dei siste 500-1000 år.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Licancabur

Kjelder[endre | endre wikiteksten]